John Mayne (1759–1836) var ein skotsk forleggjar, journalist og diktar fødd i Dumfries.
Verka hans påverka diktaren Robert Burns og blei beundra av Walter Scott.
John Mayne | |
Fødd | 1759 |
Død | 1836 (77 år) |
Yrke | journalist, lyrikar, skribent |
Mayn flytta med familien til Glasgow i 1782, der han lærte seg trykking, og slo seg ned i London i 1787. Her var han mellom anna eigar og medredaktør i avisa The Star. Han trykte fleire av dikta sine i denne avisa, men også andre stader, som i Gentleman's Magazine.
I 1780 blei diktet hans «The Siller Gun» trykt i si opphavlege form i Ruddiman's Magazine, som blei gjeve ut av Walter Ruddiman i Edinburgh. Det er eit humoristisk dikt om ein gammal skikk i Dumfries om eit wapenshaw der ein tevla om å vinna eit kanonløp av sølv. Mayne skreiv også eit dikt om halloween, «Hallowe'en», i 1780. Dette påverka Robert Burns sitt dikt «Halloween» frå 1785.
«Logan braes» frå 1789 inspirerte Burns til å skriva eit dikt med same namn, og ta med to linjer frå Mayne sitt verk. Han skal ha trudd at det var ein eldre folkesong.
Mayne skreiv også diktet «Glasgow» i 1783, det patriotiske stykket «English, Scots, and Irishmen» i 1803, og ein versjon av balladen «Helen of Kirkconnel»
Originaltekst av John Mayne ved Wikisource. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article John Mayne, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.