Jan Petter Lindvall (fødd 18.
mars">18. mars 1950 i Kåfjord) er ein tidlegare norsk langrennsløpar. Han var mellom dei beste i norsk langrenn i perioden 1978 til 1984. Hans største prestasjon kom i 1982 då han vann femmila i verdscupen i Kavgolovo i dåverande Sovjetunionen (Russland). Lindvall vart noregsmeister tre gongar; to gull i 1982 og eit i 1984. Frå NM elles har han tre sølvmedaljar og tre bronsemedaljar.
Jan Lindvall | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. mars 1950 (74 år) Kåfjord kommune |
Idrett | langrenn |
Tok del i |
Lindvall er i dag brannmann i Tromsø og har elles arbeidd som seljar for skimerket Fischer og skiutstyrsprodusenten Swix.
Lindvall voks opp i bygda Olderdalen i Kåfjord kommune i Troms. 17 år gammal flytta han til Tromsø og melde seg inn i Tromsdalen Ungdoms- og Idrettslag. 27 år gamal vart han nordnorsk meister for første gong, medlem i Nordreisa Idrrettslag.
Fyrst i 1978-sesongen vart Lindvall lagt merke til på nasjonalt nivå. Han gjekk då gode løp på alle NM-distansane, med ein sjetteplass og to sjuandeplassar. Etter dette fekk han plass i landslagstroppen.
Han vart utteken til troppen til OL i Lake Placid i 1980, utan å få tevle. Under VM 1982 i Oslo vart han sjuk. Han deltok berre på femmila, den siste distansen i meisterskapet, og gjekk inn til ellevte plass. OL i Sarajevo i 1984 vart hans siste internasjonale meisterskap som aktiv løpar. Han kom der på femteplass på femmila.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Jan Lindvall, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.