Jabal al-Nour (òg skrive Jabal an-Nur eller Jabal Nur), som på arabisk جبل النور tyder «Lysfjellet» eller «Opplysningsfjellet», er eit fjell nær Mekka i Saudi-Arabia.
Det er eit av dei mest populære turistmåla i Mekka. Den kjende Ghar-E-Hira eller Hiragrotta ligg i fjellet. Grotta er ganske lita, berre nokre meter lang og brei. Fjellet er 642 moh, men turen til grotta tar likevel rundt to timar og er strevsam. Både fjellet og grotta er særs viktige for muslimar verda over. Den islamske profeten Muhammed skal i lange tider har meditert i grotta og ein trur at det var her han fekk den første openberringa frå erkeengelen Gabriel.
Jabal al-Nour | |||
fjell | |||
Jabal al-Nour i Mekka. | |||
Land | Saudi-Arabia | ||
---|---|---|---|
Topp | Mekka | ||
- høgd | 642 moh. | ||
- koordinatar | 21°27′29″N 39°51′41″E / 21.45806°N 39.86139°E | ||
Jabal al-Nour 21°27′29″N 39°51′41″E / 21.458055555556°N 39.861388888889°E | |||
| |||
Wiki Commons: Jabal al-Nour | |||
Sidan dette er sagt å vere staden der Muhammed fekk dei første versa i Koranen, fekk fjellet namnet «Jabal-al-Nour». Jabal tyder «fjell» på arabisk og Nour eller Noor tyder «lys» eller «opplysning».
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Jabal al-Nour, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.