Jürgen Hingsen (fødd 25.
januar">25. januar 1958) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Duisburg. Han forbetra verdsrekorden i tikamp tre gongar og vann fire sølvmedaljar i dei store internasjonale meisterskapane i tida 1982-86.
Hingsen var ein av verdas beste tikjemparar i tiåret 1979-88. Ved den vesttyske meisterskapen i Ulm midt i august 1982 sette han verdsrekord med 8 723 poeng. Under europameisterskapen i Aten nokre veker seinare vart han nummer to etter briten Daley Thompson, som samstundes tok over verdsrekorden med sine 8 743 poeng. Den 6. juni 1983 oppnådde Hingsen 8 777 poeng og var tilbake som verdsrekordhaldar. To månader etter var det tid for reprise på fjoråret, ved verdsmeisterskapen i Helsinki måtte han sjå seg slått av Thompson.
I ei tevling i Mannheim 8.-9. juni 1984 forbetra Hingsen verdsrekorden til 8 798 poeng. Under dei olympiske leikane i Los Angeles i august måtte han på ny nøye seg med sølvmedalje, atter ein gong vann Thompson og som i EM 1982 tok briten over som verdsrekordhaldar. Ved Friidretts-EM 1986 på tysk heimegrunn måtte Hingsen for fjerde meisterskap i rad sjå seg overgått av Thompson, med enno ei sølvmedalje i premiesamlinga.
Hingsens prestasjonar i Mannheim frå 1984 er i 2019 framleis tysk rekord i tikamp, etter nye tabellar utrekna til 8 832 poeng.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Jürgen Hingsen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.