Iron Maiden Studioalbum av Iron Maiden | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 14. april 1980 | |
Innspelt | Januar 1980 i Kingsway Studios i London i England | |
Sjanger | Heavy metal | |
Lengd | 37:35 | |
Selskap | ||
Produsent | Will Malone | |
Iron Maiden-kronologi | ||
---|---|---|
Iron Maiden | Killers (1981) | |
Singlar frå Iron Maiden | ||
|
Iron Maiden er debutalbumet til det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden. Det kom ut på EMI den 14. april 1980 i Storbritannia. Nokre månader seinare vart det gjeve ut i Nord-Amerika, opphavleg på Harvest/Capitol Records og sidan Sanctuary Records/Columbia Records i USA. Den nordamerikanske versjonen inneheldt songen «Sanctuary», som tidlegare berre var gjeven ut på singel i Storbritannia. I 1998 vart Iron Maiden og resten av albuma til bandet før 1995 mastra på ny, og «Sanctuary» vart då lagt til albumet i alle land. Det er det einaste albumet til bandet med gitaristen Dennis Stratton.
Sjølv om Iron Maiden har blitt kritisert for kvaliteten på produksjonen på dette albumet, vart albumet kritikarrost og selde godt då det kom ut. Det debuterte på fjerdeplassen på UK Albums Chart, og gjorde bandet kjend i Europa.
Iron Maiden var det einaste albumet til bandet produsert av Will Malone. Gruppa hevde han mangla interesse i prosjektet og i røynda lét dei produsere albumet på eiga hand, noko som i følgje bassisten Steve Harris berre tok 13 dagar. Innspelinga fann stad i Kingsway Studios i Vest-London i januar 1980, og bandet tok ein pause frå Metal for Muthas-turneen i 1980 for å mikse albumet ferdig i Morgan Studios nordvest i London i februar. Før innspelinga med Malone, hadde bandet gjort to forsøk i desember 1979 med to forskjellige produsentar, medan dei framleis var eit firemannsband. Guy Edwards, den første, fekk sparken fordi bandet var misnøgd med den «grautete» kvaliteten i produksjonen hans, medan Andy Scott fekk sparen etter å han insistert at Harris skule nytte eit plekter i staden for fingrane. Etter desse forsøka valde bandet å ikkje gje Malone sparken sidan Steve Harris meinte dei følte dei kunne «omgå han og gå til lydteknikaren.» Gruppa kritisierte kvaliteten på produksjone, men somme fans føretrekkjer denne rå kvaliteten på innspelinga. Sjølv om AllMusic har skrive at stilen «tydelegvis henta element frå punkrock,» sa Harris seinare at bandet såg ned på alt som hadde med punk å gjere.
Dette var det einaste studioalbumet med gitaristen Dennis Stratton, som vart henta inn i siste augneblink. Han fekk sparken på grunn av «musikalske skilnader» etter den europeiske turneen der dei varma opp for Kiss. Dei fekk ein smak av dette under innspelinga av Iron Maiden då Stratton la på Wishbone Ash-aktige harmonigitarar og korvokal som minna om Queen på «Phantom of the Opera», noko som resten av bandet mislikte og fekk fjerna. Stratton har sagt at han ikkje «prøvde å presse bandet i ei ny retning,» medan Harris har sagt at «det synte verkeleg skilnadane mellom Den og oss,» og byrja så å leggje merke til at «Dennis var mykje meir interessert i å spele ting som «Strange World» enn «Iron Maiden» eller «Prowler», fordi songen var meir langsam, melodisk... når han spelte soloar på dei tyngre songarne, så var det ikkje heilt den same lidenskapen.»
Den remastra utgåva av albumet frå 1998 har med songen «Sanctuary», som fram til då berre hadde vore tilgjengeleg som singel i Storbritannia frå mai 1980, en som vart gjeven ut på den seinare amerikanske versjonen av Iron Maiden, som kom ut i august 1980. Songen kom ut på samleplata Metal for Muthas, men vart spelt inn på ny under Iron Maiden-innspelinga. Nyutgjevinga har òg eit anna cover, ei digital gjenskaping av det originale omslaget til Derek Riggs, og ein del av det originale plateomslaget vert i staden nytta på sjølve plata.
Bandet la ut på Iron Maiden-turneen etter albumet kom ut, der dei spelte dei første konsertane sine på det europeiske fastlandet, og dei vart overraska over kor suksessrik Iron Maiden hadde blitt utafor Storbritannia. Steve Harris sa, «Prestisjen det var å gjere det bra i Storbritannia hadde gjort at ryktet vårt spreidde seg, og med dukka opp på stader som Leiden i Holland, stader me ikkje ein gong hadde høyrt om, og dei hadde desse massive plakatane som venta på oss med «Iron Maiden Go Over The Top». Det var uverkeleg.»
«Running Free» vart gjeven ut på singel den 8. februar 1980 og nådde 34. plassen på UK Singles Chart. Bandet framførte òg songen på det britiske TV-showet Top of the Pops, og nekta å gjere som vanleg å mime til songane. Dei vart dermed det første gruppa som spelte live på showet sidan The Who i 1972. Vokalisten Paul Di'Anno, som skreiv teksten til songen, skildra han som «ein særs sjølvbiografisk song, men eg hadde sjølvsagt aldri vore ei natt i eit fengsel i LA. Han handlar om å vere 16 og, som songen seier, berre springe løpsk og fritt. Det kom frå dagane mine som skinhead.» I følgje Classic Rock- og Metal Hammer-journalisten Dave Ling, som skreiv i plateomslaget til CD-utgåva av Metal for Muthas, var «Sanctuary» opphavleg skriven av gitaristen Rob Angelo, eit medlem av Iron Maiden i 1977, som fekk betalt £300 for rettane til songen. Singelen «Sanctuary» vart gjeven ut 7. juni 1980 og nådde 29. plassen på lista, med eit sensurert omslag av Eddie, maskoten til bandet, som står over Margaret Thatcher. Dette gav bandet publisitet i britisk presse. Managerane Rod Smallwood og Andy Taylor sitt management-selskap vart kalla opp etter songen.
Sjølv om «Strange World» berre er tilskriven Harris, hevda Paul Day, som var den originale vokalisten i bandet frå 1975 til 1976, at han òg medverka til songen. «Charlotte the Harlot», den einaste songen deira som vart skriven av Dave Murray aleine, er den første av fire Iron Maiden-songar som refererer til den oppdikta prostituerte 'Charlotte,' men som i følgje Murray var «basert på ei sann historie.» Den sju minuttar lange episke «Phantom of the Opera» er òg ein av dei personlege favorittane til Steve Harris og vert ofte framleis spelt live. Han har mange stemnings- og taktendringar, og er den i følgje Harris «den første songen eg skrive som var litt meir 'proggy'.» «Transylvania» er ein instrumental, skriven av Harris, som seinare vart spelt inn av Iced Earth på albumet Horror Show.
Av songane på albumet er «Phantom of the Opera», «Running Free», «Sanctuary» og «Iron Maiden» dei som vert spelt oftast på turneane til bandet, og sistnemnde er blitt spelt på alle konsertane deira, og annonserer at Eddie kjem på scenen. Alle songane på plata, utanom «Strange World», har blitt spelt inn med Bruce Dickinson på vokal, anten på konsertalbum, som B-sider av studiopptak eller begge deler. «Strange World» og «Transylvania» var dei einaste songane som ikkje vart spelt på Eddie Rips Up The World-turneen i 2005.
Fire songar («Prowler», «Remember Tomorrow», «Running Free» og «Iron Maiden») vart spelt på hyllestalbumet til Iron Maiden, Maiden Heaven: A Tribute to Iron Maiden, gjeve ut av magasinet Kerrang! i 2008, og ei akustisk tolking av «Prowler» vart gjeve ut på Across The Seventh Sea i 2012 av det akustiske Iron Maiden-prosjektet Maiden uniteD.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | |
Collector's Guide to Heavy Metal | 9/10 |
Record Mirror | |
Sounds | |
Sputnikmusic | 4.5/5 |
Då albumet først kom ut i 1980 fekk det raskt god omtale, og Geoff Barton skreiv om albumet i Sounds, «Heavy metal for 1980-åra, med blendande fart og tøyleslaus villskap som gjer at dei fleste plastikk-heavy-rock-songane frå 1960- og 1970-talet høyrest ut som dovendyr og sørgjesong i samanlikning.»
Sidan utgjevinga har Iron Maiden halde fram å få gode meldingar, og AllMusic skildra det som «eit landemerke» og «ingen betre stad kan ein høyre korleis både punk og progrock påverka new wave of British heavy metal.» Sputnikmusic skildra det som «eit av dei beste albuma i heavy metal-verda», med «den rå, aggressive krafta som definerer dei tidlege åra av bandet.»
Iron Maiden er eit av to Iron Maiden-album som finst i Robert Dimery-boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die (The Number of the Beast er det andre).
Alle songar er skrivne av Steve Harris, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Prowler» | 3:55 | |
2. | «Remember Tomorrow» | Harris, Paul Di'Anno | 5:27 |
3. | «Running Free» | Harris, Di'Anno | 3:16 |
4. | «Phantom of the Opera» | 7:20 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Transylvania» (Instrumental) | 4:05 | |
2. | «Strange World» | 5:45 | |
3. | «Charlotte the Harlot» | Dave Murray | 4:12 |
4. | «Iron Maiden» | 3:35 | |
Total lengd: | 37:35 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Prowler» | 3:56 | |
2. | «Remember Tomorrow» | Harris, Di'Anno | 5:30 |
3. | «Running Free» | Harris, Di'Anno | 3:22 |
4. | «Phantom of the Opera» | 7:02 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Transylvania» (Instrumental) | 4:09 | |
2. | «Strange World» | 5:43 | |
3. | «Sanctuary» | Iron Maiden | 3:19 |
4. | «Charlotte the Harlot» | Murray | 4:14 |
5. | «Iron Maiden» | 3:43 | |
Total lengd: | 40:58 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Prowler» | 3:56 | |
2. | «Sanctuary» | Harris, Murray, Di'Anno | 3:16 |
3. | «Remember Tomorrow» | Harris, Di'Anno | 5:29 |
4. | «Running Free» | Harris, Di'Anno | 3:17 |
5. | «Phantom of the Opera» | 7:08 | |
6. | «Transylvania» | 4:19 | |
7. | «Strange World» | 5:32 | |
8. | «Charlotte the Harlot» | Murray | 4:13 |
9. | «Iron Maiden» | 3:36 | |
Total lengd: | 40:46 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Sanctuary» | Harris, Murray, Di'Anno | 3:14 |
2. | «Burning Ambition» | 2:42 | |
3. | «Drifter» (Live) | 6:04 | |
4. | «I've Got the Fire» (Live Montrose-cover) | Ronnie Montrose | 3:14 |
Henta frå platomslaget.
|
|
Land | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Canada | Platina | 100,000 |
Tyskland | Gull | 250,000 |
United Kingdom | Platina | 300,000 |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Iron Maiden av Iron Maiden, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.