Inger Helene Nybråten (fødd 8.
desember">8. desember 1960) er ein tidlegare norsk skiløpar. Ho er vaksen opp og busett i bygda Skrautvål, og ho representerte Skrautvål IL. Nybråten starta karrieren sin med VM-gull på stafetten i Oslo 1982. I OL 1984 gjentok ho stafettgullet. I 1989 tok ho VM-bronse på stafetten, det gjorde ho også i 1991 og 1993. Det vart OL-sylv på stafetten i 1992 og 1994. I 1995 tok ho VM-bronse på 15 km. Ho vart også Noregsmeister 6 gonger.
Inger Helene Nybråten | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. desember 1960 (63 år) Nord-Aurdal |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1988, Vinter-OL 1984, Ski-VM 1982, Ski-VM 1989, Ski-VM 1991, Ski-VM 1993, Ski-VM 1995 |
gull | sylv | bronse | |
---|---|---|---|
Vinter-OL – stafett | 1 | 2 | 0 |
VM – stafett | 1 | 1 | 3 |
VM – 15 km. individuelt | 0 | 0 | 1 |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Inger Helene Nybråten, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.