Hybridhøns

Hybridhøns er høns som er blitt ala fram gjennom å kryssa ulike linjer for å oppnå særskilde eigenskapar i avkommet.

Moderne al rettar seg som regel mot å få fram stor og rask egg- eller kjøtproduksjon. Hybridar skil seg frå reinrasa høns ved at eigenskapane deira ikkje er stabile - avkommet deira kan ikkje forventast å ha liknande eigenskapar som foreldra. Kryssingane kan likevel danna utgangspunktet for stabile typar og rasar. Hybridhøns utviklar seg gjerne raskare frå kylling til slakteklart dyr eller eggleggjar enn tradisjonelle høns. Rask vekst og høg produksjonen kan likevel medføra problem som dårleg helse, kortare liv eller avgrensa lengd på eggproduksjonen.

Hybridhøns
Kyllingar av to typar hybridhøns; ein eggproduserande hybrid til venstre og ein kjøtproduserande broiler til høgre. Begge kyllingane er 34 dagar gamle, men har utvikla seg svært forskjellig.

Teknikken med å skapa hybridhøns blei utvikla etter andre verdskrigen. Opphavleg blei det gjerne arbeidd med å ala fram ulike linjer i kvart land, som den norske typen Nor-Brid. Etterkvart har mykje av verksemda blitt teken over av fleirnasjonale selskap, som i dag sel dyr over heile verda.

Verpehybridar

Hybridhøns 
Lohmann Brown er eit døme på ei hybrid ala fram for å bli verpehøne.

Hybridar utvikla for eggproduksjon er typisk medgjerlege høns med lita rugetrong. Dei har som regel ein meir forutseibar produksjon enn tradisjonelle høns, og legg gjerne året rundt.

Hønene har større risiko for å utvikla sjukdommar knytt til den høge produksjonsraten, som peritonitt eller prolaps. Eggleggjande hybridhøns kan typisk leva i tre år med ein eggproduksjon som går kraftig ned frå 18 mnd og sluttar ved ein alder på rundt 30 månader. Dei er ofte rolege og vennlege, ettersom dette er ein ønska eigenskap på gardar der ein held mange høns saman på små område.

Kjøthybridar

Hybridhøns 
Broilerar i USA.

Hybridhøns som er blitt ala fram for å brukast til kjøtproduksjon blir ofte kalla broiler eller slaktekylling. Dette er ofte fuglar som tek til seg næring effektivt og veks raskt. I ein rapport frå 2005 om broilerhøns i EU blei det slått fast at slike fuglar typisk når slaktevekt på 2 kg eller meir i løpet av rundt 40 dagar.

Den raske veksten kan føra til unormal skjelettutvikling og beinsjukdommar som kan gjera at fuglane har problem med å gå eller stå.Vidare kan han gjera at lungene og hjartet ikkje veks i takt med fuglen, og det førekjem at broilerar døyr av hjartesvikt frå dei er nokre veker gamle. Broilerar som skal brukast til al og ikkje blir slakta unge har redusert mattilgang for å hindra for kraftig vekst, og går dermed ofte svoltne.

Produksjon av hybridhøns

Eikvar kryssing av ulike hønserasar dannar ein hybrid, men hybridhøns i moderne landbruk blir som regel danna ved at ein krysser fleire ulike linjer av høns for å oppnå ein viss type hybrid til produksjon.

Dei moderne hybridane kjem gjerne frå alslinjene til større selskap som alar fram sine eigne typar med særskilde eigenskapar. Desse gjev først såkalla besteforeldredyr (eller oldeforeldredyr) som gjennom bestemte kryssingar av hannar og hoer gjev opphav til ein foreldregenerasjon som ein så kryssar fram produksjonshybridar frå. Det er desse som gjev kjøtet og egga forbrukarar kan kjøpa i butikkane.

Utgangspunktet for dei fleste broilerar er cornish kryssa med white plymouth rock og light sussex. Det viktigaste utgangspunktet for leggjarar av kvite egg er leghorn (sjå kvit italienar). Det viktigaste utgangspunktet for leggjarar av brune egg er rhode island red.

Dei to største hybridprodusentane i dag er Eric Wesjohann Group, som omfattar Aviagen og Lohmann Tierzucht, og Hendrix Genetics som mellom anna omfattar ISA, Shaver, Hisex, Babcock, Bovans, Dekalb og Cobb-Vantress.

Kjelder

Tags:

Hybridhøns VerpehybridarHybridhøns KjøthybridarHybridhøns Produksjon av hybridhønsHybridhøns KjelderHybridhønsEggHønsKjøt

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Halvdan SvarteBrad PittStewart CopelandJon FosseVakteleggGrunnstoffliste etter namnKrøllalfaSlaveKeltiske språkHenånGenusMickey RaphaelVestland fylkeMount EverestLarvik kommuneErik AndersenLønnTranebærKanye WestLikningDjengis khanHaakon VII av NoregDeskátiFristaden ChristianiaSverre Magnus av NoregØya KarmøyPeloponnesPink FloydPeter HolmFreddie MercuryPiemonteNaturgjødselÆrfuglTsjekkiaRakiaDen sahrawiske arabiske demokratiske republikkenKasusVårjamdøgnBreivikbotnErik FollestadSkulemål i RogalandUngarnQ.E.D.Gud signe maten på vårt bordAre KalvøTommeOkhotskhavetDeventerMax ManusTrude DrevlandSandsøy i TysnesDet tredje riketMesse i musikkStillitsCarl XVI Gustaf av SverigeRusslandBiologisk familieBirger EriksenHubroStratovulkanLe CorbusierValladolidEarl ScruggsMorfinLynsjakkRussisk salatTransnistriaSneppålNasjonalplantarManiokFareskiltNobelprisen i litteraturTjøttaKoppar🡆 More