Wyandotor, wendat eller huronar, er eit indianarfolk i Nord-Amerika som opphavleg var busett i områda som ligg i det som i dag er Ontario og Québec i Canada.
Dei første franske oppdagingsreisande kalla medlemmane av wyandotføderasjonen for huronar; det er omstridd kva det namnet kjem av. Kjernelandet deira vart kalla Wendake.
Språka deira høyrde til den irokesiske språkfamilien, men er i dag utdøydd. Det finst om lag 8000 etterkommarar spreidd over Nord-Amerika. I Québec er det ca 3000 som har fransk som førstespråk, medan ca 4000 med engelsk som førstespråk lever i Kansas og Oklahoma. Ei lita gruppe lever stadig i det sørlege Ontario og Michigan.
I likskap med andre stammar av irokesergruppa organiserte wyandotane seg i ein konføderasjon med nært nærskylde stammar. Denne nasjonen bestod primært av:
Allereie lenge før engelskmennene og tilkoma til franskmennene hadde wyandotane vore i konflikt med irokesarane mot sør. Då dei europeiske kolonimaktene vart involvert vart denne konflikten intensivert. Dei franske handelsfolka allierte seg med wyandotane, medan engelske nybyggjarar gjekk i forbund med irokesarane. Europeisk våpenteknologi gjorde kampane særs blodige, og omkring 1650 hadde irokesarane nesten utsletta wyandotane. Deretter flykta den vestlegaste gruppa av dei mot vest, og slo seg ned i Ohio og Michigan. Størstedelen av denne gruppa vart på 1800-talet forflytta til indianarreservat i Kansas og Oklahoma.
Wyandotane var på 1500-talet jordbrukarar som budde i forskansa landsbyar som vart forlatne når jorda var utpint. Dei beherska lagerteknologiar og vart med det relativt velståande. Overskotet vart brukt på handel med nabostammer, blant anna tobakk.
På 1700-talet allierte wyandotane seg først med britane og så med franskmennene i den lange rekkja av kolonikrigar som prega Nord-Amerika i denne perioden. Under den franske og indianske krigen var wyandotane allierte med franskmennene og kom etterpå til å få ansvaret for massakren på dei angloamerikanske krigsfangane etter slaget ved Fort William Henry.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Wyandotar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.