Tobakk

Tobakk er tørka og omarbeidde blad frå tobakksplanten.

Tobakksplanten kom frå Amerika til Portugal på slutten av 1400-talet og spreidde seg i løpet av det neste hundreåret til størstedelen av Europa. Kommersiell dyrking av tobakk byrja i 1612 i Virginia i USA. Det var særleg rundt den andre verdskrigen at det vart vanleg å røykje sigarettar.

Tobakk
Tobakksblad i Prilep i Makedonia.
Tobakk
Pipetobakk.

Tobakksproduksjon

Råstoffet tobakk blir i dag produsert i over 30 land, dei fleste er utviklingsland. I Malawi og ein del andre afrikanske land er det tobakksproduksjonen som gir den største eksportinntekta. Den internasjonale arbeidarorganisasjonen ILO har peika på ei rekkje kritikkverdige tilhøve på tobakksplantasjane. Arbeidarane er ofte underbetalte og har dårleg vern mot sprøytemiddel. Barnearbeid er vanleg, og i fleire land bidreg tobakksproduksjonen til avskoging og erosjon.

Innhald i tobakk

Moderne sigarettar er høgteknologiske industriprodukt der smak, nikotininnhald og andre faktorar vert fastsette under produksjonen. Det finst ulike tobakkstyper og ulike måtar å foredle tobakken på. Snus, sigarettar og rulletobakk var i byrjinga reine naturprodukt, medan moderne tobakksprodukt inneheld ei lang rekkje tilsetjingsstoff.

Kjelder

Tags:

1400-talet1612AmerikaPortugalUSAVirginia

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

MistralvindHektarNikita KhrusjtsjovPetter WavoldSør-AfrikaAli Baba og dei førti røvaraneBlåmannScrabbleBjørnFransk geografiStorrobiniaOrinocodeltaetNoregPippi LangstrømpeVælerenEmilie Enger MehlNitrogenBiologisk familieChampions LeagueKomaØstfold fylkeGullparakittOnamKattugleParalía i PieríaHosangerTadsjikistanMaterialismeVeivakselDen cubanske revolusjonenIstidOle Kristian FurusethEiffeltårnetFiskeørnSotraSvovelkisWalisiskCalimaWikinewsMMBirger EriksenNorsk fonologiFIR-filterAtommodellTelemark fylkeTsarKommunismeNaruhito av JapanPýdna-KolindrósJackson RichardsonEmmerPålemakkNasjonalrettVerktøyet filIkonostasBarentshavetRaude hundarKabaDeep PurpleVulkanar i ItaliaNettsamfunnTaigaspissmusBiologisk systemTutankhamonSionistArne GarborgWikipediaIrakEdvard VII av StorbritanniaWayback MachineKvitveisMurphys lov🡆 More