Kansas er ein delstat i USA.
Hovudstaden er Topeka. Delstaten ligg i Midtvesten og grensar til Missouri i aust, Oklahoma i sør, Colorado i vest og Nebraska i nord. Han har tilnamnet «Sunflower State».
Kansas | |||
delstat | |||
| |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Del av | Midtvesten, det kontinentale USA | ||
Hovudstad | Topeka | ||
Areal | 213 096 km² | ||
- land | 211 900 km² | ||
- vatn | 1 196 km² | ||
Folketal | 2 913 123 (2017) | ||
Folketettleik | 14 / km² | ||
Før innlemming | Territoriet Kansas | ||
Innlemma i USA | 29. januar 1861 | ||
Statsnummer | 34. | ||
Forkorting | KS | ||
Kansas 38°30′N 98°00′W / 38.5°N 98°W | |||
| |||
Wiki Commons: Kansas | |||
Nettstad: portal.kansas.gov | |||
Staten er delt inn i 105 fylke og har 628 byar. Topeka med 121 946 innbyggjarar er den fjerde største byen i Kansas.
Namnet kjem frå Kansaselva som renn gjennom staten, og stammar frå siouxordet Kansa, som betyr «folk av sønnavinden».
Kansas har det tredje største jordbruksarealet i USA, og produserer en sjettedel av all kveite dyrka i landet. Staten er den nest største kvegprodusenten i USA, etter Texas. Dei største jordbruksrelaterte inntektene kjem frå kveg, sauehald, kveite, durra, soyabønner, bomull, svin og mais. Gardsbruka er høvesvis små etter Midtvesten-standard, så landbrukssubsidiane var i 2006 dei femte høgaste i USA, 623 millionar amerikanske dollar.
Det kjem industriinntekter frå transportutstyr, kommersiell og privat flyverksemd, kjemikaliar, maskiner, klede, olje og gruvedrift. Kansas er den åttande største oljeprodusenten i landet. Staten er også rangert som den åttande største naturgassprodusenten i USA.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kansas, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.