Hugla (og skrive Hugløy) er ei øy på kysten av Helgeland.
Ho ligg i Nesna kommune. Øya er 17,9 km² og det høgaste punktet er Hugltinden som ligg 624 meter over havet. Det er ein relativt stor bestand av elg på øya, og også eit rikt fugleliv med blant anna havørn.
Hugla | |
---|---|
Nordenden av øya sett frå aust. | |
Geografi | |
Stad | Helgeland |
Koordinatar | 66°11′14″N 12°55′03″E / 66.18722°N 12.91750°E
|
Areal | 17,9 km²
|
Høgaste punkt | Hugltinden (624 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Nordland
|
Demografi | |
Folketal | 90 |
Folketettleik | 5,0 /km² |
Hugla ligg der Stifjorden møter Ranfjorden. I sørvest ligg øya Løkta i Dønna kommune, i nordaust ligg Handnesøya og i nordvest Tomma.
Øya har om lag 90 fastbuande, busettinga er konsentrert langs austsida av øya. Den viktigaste næringsvegen er jordbruk, men mange dagpendlar òg inn til tettstaden Nesna. Tidlegare var det òg stor sysselsetting ved sildoljefabrikken på Vikholmen. I dag driv Vikholmen utvikling AS (VuAS) produksjon av torskeyngel og settefisk.
Det er ferjesamband til Nesna og øyane Handnesøya og Tomma.
Postnummeret er 8720 Vikholmen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hugla, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.