Hoppe

Ei hoppe eller (når ho er vaksen) merr (norrønt merr og marr) er eit hodyr i hestefamilien.

Ordet blir brukt for hest, esel, muldyr og mulesel. Blir hoppa brukt i avl, blir ho kalla avlshoppe. Ein hest av hannkjønn blir kalla hingst eller vallak.

Hoppe
Finlandshest-hopper
Hoppe
Ei avlshoppe og føl

Lynne

Hopper blir rekna for å vere lettare å handtere enn hingstar, men hoppene har også ein tendens til å kunne vere strie og uviljuge, spesielt når dei nærmar seg brunst.

Bruk

Hopper blir brukt i all hestesport, sjølv om det er somme som føretrekkjer hingstar framfor hopper. Beduinane føretrekte hopper under sine tokt, fordi hingstane ville vrinske til hestane i motstandarane sin leir, medan hoppene heldt stilt.

Hopper er også brukt til mjølkeproduksjon, spesielt blant nomadar og tidlegare nomadefolk i Sentral-Asia. Gjæra hoppemjølk, kjent som kumis, er nasjonaldrikken i Kirgisistan. Hoppemjølk blir også produsert i Noreg.

Fotnotar

Tags:

EselHestHingstMuldyrMuleselNorrøntVallak

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Norges herligsteLongyearbyenGaysirHarald EiaBjørkerisKirkeristenYosef Wolde-MariamNasjonalrettFurieBloggLufttrykkDet norske husOperatunnelenDet australske flaggetSøppelPlaneten SaturnBelarusTiticacaFrankrikeGrunnstoffliste etter atomnummerJohannes KlæboBondelungeMargaret SkjelbredAfrikaGalileo GalileiInternasjonalenFormannskapDanmarkHundTveitaVassendgutaneHønefossGoogle MapsØstfold fylkeVSildekongeTettstader i RogalandFirenzeISO 8601Hol kommuneBerlinblokadenTidDen indre kjernen24. aprilSkeiselandskampen Nederland–Noreg 1974Silje NordnesJaran DammannGeometriBengt FasterauneCelsiusRally SverigeWright-brørneOslo kommuneDet latinske alfabetetAngolaFilmserien Harry PotterInternettFlaggdagarSt. PetersburgIngvild KjerkolDanskSaruq i OmanTonsillEtanolStorfuglHuaoraniarHans M. BorchgrevinkKrøllparentesLivadiáMaud av NoregJakob II av EnglandSpeleautomatSilvia av SverigeTanágra🡆 More