Beduinar

Beduinar er nomadiske arabarar.

Dei snakkar ein arabisk dialekt og er muslimar. Sjølve omgrepet beduin kjem frå det arabiske ordet badawi, som tyder nomadiske busetjarar i ørkenen.

Beduinar
Ein beduinmann på Sinaihalvøya
Beduinar
Bedouin og ein "Hookah"

Beduinane har tradisjonelt livnært seg av geiter, sauer og kamelar, men denne livsforma er på kraftig retur. Danninga av statar og faste grenser har gjort det meir og meir vanskelig for beduinane å forflytte seg. Stadig fleire har derfor gjeve opp nomadetilværet og blitt bufaste. I dag finn ein beduinar i ørkenstrøk over store deler av Midtausten og det nordlege Afrika.

Den tradisjonelle familien består av eit mannlig familieoverhovud, ofte med ei eller fleire koner og deira felles barn. Klanen kan omfatte mange menneske, og forgreiningar til resten av familien følgjer linjene til mannen. Dei bur i telt, som vert delt i ein mannleg og ein kvinneleg del med ein skjerm. Kosten består for det meste av brød, kjøt og mjølkeprodukt som buskapen kan bidra med. Produkta vert òg selde på marknadane, for å gje pengar til korn o.l. Tradisjonelt lager òg beduinane det dei treng av tepper og klede, og overskotet vert seld på marknadane.

Beduinane har alltid vore rekna som særs gjestfrie, noko som ligg fundamentert i levesettet og tradisjonane deira. Ein ørkenvandrar kan derfor alltid rekne med å få husly og mat, men beduinsk tradisjon avgrensar denne plikta til maksimum tre dagar.

Kjelder

Tags:

ArabararMuslim

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

August den sterkeDanmarkVossamålVestlandetPlatonVegard UlvangGjærGrodagenMeteoraMP3Martha SkrettebergAspropótamos i TríkalaTerje StrømdahlPetter DassUrfolkPodsolEritreaEikefjord idrettslagHellas i antikkenEli Kari GjengedalNykøbing MorsOlivettiPorsgrunnssangenPanserbataljonenEiffeltårnetISO 8601BjørnSvanesjøenØrland kommuneKirkenærUkrainaMøre og Romsdal fylkeArabiskDeltaTauHarry HoleThessalíaKristopher SchauKalambákaHellasEnrico CarusoForbrenningGrønOslo kommuneMolde kommuneJean-François MilletMånenStrategispelLemmingHarry PotterAfghanistanStorfuglKlima i CanadaBukspyttkjertelenSophie EliseGunnhild SundliEmma WatsonEllipsoideKristoffer ColumbusVM i alpine greiner 2019KvartalSpaniaPOSIXPeter BoszMoskvaJonas Gahr StøreEl NiñoDonald DuckHaaretzIndiaUTCJorvikKolKorrespondent🡆 More