Barneleiken Paradis

Paradis, også kjend som hink eller hinkespel, er ein leik som går ut på å hinka eller hoppa gjennom eit mønster på bakken utan å trø på strekane.

Leiken er kjend over store delar av verda, og har gamle røter. Det finst ei rekkje ulike mønster og reglar for å hoppa paradis.

Barneleiken Paradis
Paradis på gata i Kansas i USA.
Foto: Pen Waggener

Historie

Barneleiken Paradis 
Gutar som hoppar paradis i sanden. Måleri av Théophile-Emmanuel Duverger frå rundt 1900.

Dei eldste sikre spora ein har for paradis er frå 1600-talet, då fleire engelskspråklege kjelder nemner «scotch-hopper» som ein leik for gutar. I løpet av 1800- og 1900-talet gjekk han mange stader over til å bli ein jenteleik. I nyare tid er det blitt meir akseptert å leika for begge kjønn.

Mønster

Mønsteret ein hopper på kan vera rissa i sand eller grus, teikna med krit, måla eller flislagt på bakken. Mønstera er vanlege å ha utandørs på leikeplassar og i skulegardar, men ein kan også ha paradis innandørs. Det finst også lause brikker og matter, til dømes av skumplast, som ein kan bruka til å laga paradismønster.

Det finst nokre grunnmønster med variasjonar. Eit vanleg mønster har ruter i ei eller to rekkjer, med ein sirkel eller halvsirkel i enden. Ein vanleg variasjon har både ruter som ligg på rekkje og enkeltpar som ligg parallelt, og som ein må hoppa i med ein fot i kvar. Eit anna mønster er spiralforma, og er kjend som «snigel». Eit tredje mønster er danna av rader av ruter som saman dannar eit rektangel. Rutene er ofte nummererte. Dei kan også ha namn, som «himmel», «helvete».

Paradis kan ha mange ulike namn som viser til det at ein hoppar eller hinkar i dei (hinkespil, hopscotch, Hickeln), som viser til forma (avión, 'fly', norsk «flygaren»; mand, 'mann', escargot, 'snigel') eller som gjev leiken ein viss symbolsk (mondo, 'verda'; Himmel und Hölle, 'himmel og helvete', campana, 'klokke', skola, 'skule', peregrina, 'pilgrimsferd').

Døme

Barneleiken Paradis 
Jenter hoppar paradis i Madhya Pradesh i India.

Reglar

Som regel går leiken ut på at ein skal hinka eller hoppa gjennom alle rutene til enden av paradiset, gjerne også tilbake igjen. Om ein trør på strekane, trør utanfor eller set feil fot ned, er ein ute av leiken.

Barneleiken Paradis 
Paradishopping med stein i ein innkjørsel.

Ofte blir det brukt ein hinkestein som skal kastast eller skubbast oppi ei viss rute. I nokre leikar skal ein så ikkje trø i ruta steinen ligg i, i andre skal ein dytta steinen med seg medan ein leiker. På tilbakevegen skal ein kan hende plukka opp steinen. Om ein kastar eller styrer steinen feil, eller mister balansen når ein skal plukka han opp, vil ein også vera ute.

Etterkvart som leiken fortset, kan ein auka talet på ruta steinen skal falla i, slik at ho blir vanskelegare å nå. I nokre variantar kan deltakarane skriva namnet sitt i ei av rutene og gjera henne forboden å hinka i for dei andre. Andre måtar å gjera leiken vanskelegare på er å kasta steinen over skuldra, hinka med motsett fot av den ein føretrekk, hoppa med føtene samla eller kryssa, eller i blinde.

Verknad

Barneleiken Paradis 
Paradisleik på skumgummimatter med tal.

Paradis trener ein i å halda balansen og på kroppskoordinasjon i ulike krevjande stillingar, som å stå og røra seg på ein fot. I nokre variantar øver ein også på kasting og teljing. Leiken krev også at ein kan følga reglar og venta på tur.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Tags:

Barneleiken Paradis HistorieBarneleiken Paradis MønsterBarneleiken Paradis ReglarBarneleiken Paradis VerknadBarneleiken Paradis BakgrunnsstoffBarneleiken Paradis KjelderBarneleiken Paradis

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

KjønnshårWilliam OrpenFrøylandsvatnetDet britiske riksvåpenetTatjana TomasjovaMaud av NoregAnita O'DayPlaneten MarsGrunnstoffet tinnIvar Lo-JohanssonOrVeneziaLoke2024InternettNikita KhrusjtsjovSamarDekarHaugtussaProfessor emeritusAlbert GleizesBetasuppeEngland og WalesAlaskaMeråkerTrond Fausa AurvågMagnetisk feltstyrkeTørkeSkjoldbruskkjertelenLaurdagNorsk folkedansIvan KramskojEkstremvêret FrodeOprah WinfreyTrekanthandelLonely and BlueWikimediaDomenetapKopplamLuganoTilsynelatande storleiksklasse8. aprilPetter NorthugBoge i arkitekturenØrsta kommuneCelsius24. aprilGråorNorske dialektarThomas Jefferson1900-taletCharcot CoveAtommodellDavid CameronBrexitFree Fallin'Verktøyet fil918GoogleVM i alpine greiner 2019EselBjørnHydrogenGraham NashDet ukrainske alfabetetKronografTyrkiaRafaelBo WiderbergMikal KirkholtTeknologiHollywood Walk of FameSunndalsøraRussisk mat20. aprilReidar Johansen🡆 More