Wiki bruker filer som inneheld bilete og lyd.
Dersom du har ei fil som
kan du lasta henne opp til nynorskwikipedia eller Commons. Den første staden kan ho berre brukast av nynorsk-wikipedia, den andre staden kan alle wikipedia og -mediaprosjekt bruka henne.
Dersom fila berre kan brukast av nynorskprosjektet kan ho lastast opp her, viss ikkje er det betre å lasta henne opp til Commons slik at alle får glede av henne. På kvar stad må du vera ein brukar og ha logga inn for å lasta opp fila.
Prøv å gje fila eit presist filnamn før du laster henne opp, på norsk eller engelsk. Når ho er lagt inn på serveren bør du gå til redigeringssida og fylla ut med så mykje informajson du kan.
Informasjon om kvar fila er frå og alt det ho inneheld er viktig, fordi det kan hjelpa andre som leiter etter noko ho inneheld. På Commons kan du plassera fila på ei side eller i ein kategori som passar; det gjer henne òg lettare å finna.
Vel den lisensen som passar: GFDL, som er lisensen Wikipedia bruker for alle artiklane sine, en:Public domain (PD) som betyr at ho er heilt fri for all slags bruk, eller en:Creative commons, som er ei rekke ulike lisensar som likevel er lette å forstå, og som kan vera alt frå svært strenge til svært frie. På Wikipedia bruker me berre Creative commons-lisensar som tillet kommersiell bruk.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hjelp:Lasta opp filer, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.