Helter Skelter

«Helter Skelter» er ein song skriven av Paul McCartney, men som vanleg tilskriven Lennon/McCartney.

Helter Skelter
Song av The Beatles
frå albumet The Beatles
Utgjeve 22. november 1968
Innspelt 9.–10. september 1968,
EMI Studios i London
Sjanger
Lengd 4:29 (stereo LP)
3:40 (mono LP)
Selskap Apple
Komponist Paul McCartney, John Lennon
Tekstforfattar Paul McCartney, John Lennon
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin

Han vart spelt inn av The Beatles på albumet The Beatles. Songen var McCartney sitt forsøk på å skape eit lydbilete som var så høgt og skittent som mogeleg, og songen har vorte rekna som eit av dei aller første forsøka på heavy metal. Han var ein av fleire songar på White Album som Charles Manson tolka som profetiar om ein krig mellom svarte og kvite.

Inspirasjon

McCartney vart inspirert til å skrive songen etter å ha lese eit intervju med Pete Townshend i The Who, der han skildra den siste singelen deira, «I Can See for Miles», som den høgaste, råaste, skitnaste songen The Who nokon gong hadde spelt inn. McCartney skreiv så «Helter Skelter» med dette i tankane. På engelsk er «helter skelter» eit uttrykk som kan tyde «forvirrande», men er òg namnet på ei spiralforma sklie. McCartney har nytta denne songen som eit svar til kritikarane som hevda at han berre skreiv balladar. John Lennon har sagt at «Helter Skelter» utelukkande er McCartney sin song og han ikkje hadde noko å gjere med songen.

Innspeling

The Beatles spelte inn fleire utgåver av songen. Ei utgåve vart over 27 minuttar lang, men har eit lågare tempo og manglar råskapen frå albumversjonen. 9. september vart det gjort 18 forsøk på songen, der det siste av desse vart nytta på albumet. Etter det attande opptaket kasta Ringo Starr trommestikkene sine gjennom studio og ropte «I've got blisters on my fingers!» Dette er med heilt på slutten av songen, men berre på CD-utgåva. Songen tonar ut etter om lag 3:40, før han gradvis vert tona inn att. Mono-utgåva (berre på LP) endar med den første uttoninga.

Medverkande

    Personell per Mark Lewisohn og Alan W. Pollack

Ettermæle

Songen har vorte spelt av mange artistar og vorte hylla av kritikarar. Richie Unterberger i Allmusic kalla han «ein av dei sintaste og mest brutale rockesongane som nokon gong er gjort». Ian MacDonald var kritisk og kalla han «latterleg, McCartney skrik mot eit bakteppe av støy utan melodi»

I mars 2005 plasserte musikkmagasinet Q songen på femteplass på lista deira over dei 100 største gitarsongane gjennom tidene.

Charles Manson

Charles Manson fortalde tilhengjarane sine at songane på White Album, som «Helter Skelter», var ein profeti om ein apokalyptisk krig mellom kvite og svarte. Manson kalla heile planen sin for Helter Skelter.

Andre versjonar

Mange artistar har gjort sine eigne innspelingar av songen, mellom andre Aerosmith, Siouxsie & the Banshees, Dianne Heatherington, Pat Benatar, Ian Gillan, Mötley Crüe, The Bobs, Vow Wow og Dana Fuchs.

Mange har òg spelt songen på konsertar, mellom andre Hüsker Dü, U2, Phish og Oasis.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Tags:

Helter Skelter InspirasjonHelter Skelter InnspelingHelter Skelter MedverkandeHelter Skelter EttermæleHelter Skelter Charles MansonHelter Skelter Andre versjonarHelter Skelter BakgrunnsstoffHelter Skelter KjelderHelter SkelterHeavy metalLennon/McCartneyPaul McCartneyThe BeatlesThe Beatles av The Beatles

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

BlåBulgarsk geografiNorovirusFrihetens regnPRISMISBNFaryngittNasjonalidrettarDet tredje riketNaturgjødselIALA maritime bøyesystemHjartøyaMarit BjørgenPeter HolmSverre Magnus av NoregAlderspensjon13. januarHaakon VII av NoregSløvågKapp VerdeFrankrikeSverigeLukkaSurinamLGeorg Friedrich HändelSevillaSpaniaHovudsideKnut Marius DjupvikAles stenarGaltvortHarald EiaRegionar i FrankrikeJernLiv Grete SkjelbreidOkhotskhavetNord-KyprosKaptein SabeltannTeknologiRobbie WilliamsJevgenij BeljajevKasusFribyar for forfattarar og kulturarbeidararVictoria av StorbritanniaSan Jose i CaliforniaEmma WatsonFinsk fonologiNynorskDen kinesiske kalenderenMickey RaphaelGarden KatthultFlåklypa Grand PrixByar i Hellas1416Hotel CaliforniaQ.E.D.SekkenMidsommarTorpoVaktelGolden GlobeVestland fylkeKjærleikLevestandardEarl ScruggsNasjonalplantarTysklandVelkomstSandsøy i TysnesThessaloníkiGeitetårnMeisefamilienManiok🡆 More