«Waspman» (Keith Moon)
Relay Singel av The Who | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 25. november 1972 (USA) 22. desember 1972 (Storbritannia) | |
Innspelt | 26. mai 1972 | |
Studio | Olympic Studios, London | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:42 (USA) 3:49 (Storbritannia) | |
Selskap | MCA (USA) / Track 2094-106 (Storbritannia) | |
Komponist | Pete Townshend | |
Tekstforfattar | Pete Townshend | |
Låtskrivar(ar) | Pete Townshend | |
Produsent | The Who Medprodusent: Glyn Johns | |
The Who-kronologi | ||
«Join Together» (1972) | Relay | «5.15» (1973)
|
«Relay» (kalla «The Relay» i USA) er ein song skriven av Pete Townshend, gitaristen i The Who, for det skrinlagde Lifehouse-prosjektet. Songen vart i staden gjeven ut som ein moderat suksessrik singel i 1972. Han var den siste av singlane til The Who som ikkje kom ut på eit album før «Real Good Looking Boy», 32 år seinare.
«Relay» var opphavleg skriven som ein del av albumet Lifehouse, men songen vart skrinlagd i lag med resten av albumet. I 1972 var songen meint for eit anna skrinlagd album, Rock Is Dead—Long Live Rock!.
Songen vart spelt inn under same innspelinga som «Join Together» og ein demo av «Long Live Rock» i mai 1972.
«Relay» kom ut på singel seint i 1972, med Keith Moon-songen «Waspman» som B-side. Singelen nådde topp 40 i både Storbritannia og USA, 21. plassen i Storbritannia og 39. plassen på Billboard Hot 100 (og 33. plassen på Cashbox). Singelen var den siste av tre singlar knytte til Lifehouse (men som ikkje kom ut på Who's Next). Dei andre var «Let's See Action» og «Join Together».
«Relay» byrjar med ein gitar som vert køyrt gjennom eit filter på ein ARP-2600-synthesiser.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Relay av The Who, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.