Hells Bells

What Do You Do for Money Honey

Hells Bells
Singel av AC/DC
frå albumet Back in Black
B-side

Utgjeve 31. oktober 1980
Innspelt April til mai 1980
Studio Compass Point (Nassau)
Sjanger Hardrock
Lengd 5:12
Selskap Atlantic
Komponist Angus Young
Tekstforfattar Brian Johnson
Låtskrivar(ar)
Produsent Robert John «Mutt» Lange
AC/DC-kronologi 
«You Shook Me All Night Long»
(1980)
Hells Bells «Rock and Roll Ain't Noise Pollution»
(1980)


«Hells Bells» er opningssporet på Back in Black, det sjuande studioalbumet til det australske hardrockbandet AC/DC, som var det første albumet deira etter at songaren deira Bon Scott døydde. «Hells Bells» er den andre singelen frå Back in Black, og kom ut 31. oktober 1980. Songen kom òg ut på Who Made Who, eit filmmusikkalbum av AC/DC frå 1986 for Stephen King-filmen Maximum Overdrive og på begge versjonane av AC/DC Live i 1992.

Komposisjon

«Hells Bells» byrjar med den langsame, sørgjelege klangen av eit tonn tung bronseklokke. Klokka var laga av John Taylor & Co. Bellfounders i Loughborough, og lyden av klokka vart spelt inn av Tony Platt ved hjelp av Ronnie Lanes mobile studio inne i klokkestøyperiet etter at innspelinga av Back in Black var ferdig i Compass Point Studios på Bahamas.

Mottaking

«Hells Bells» blir rekna av mange som ein av dei beste låtane til bandet. I 2020 rangerte The Guardian låten som nummer seks på lista si over dei 40 beste AC/DC-låtane, og i 2021 rangerte Kerrang! låten som nummer sju på lista si over dei 20 beste AC/DC-låtane.

Salslister

År Liste Plassering
1980 Frankrike (IFOP) 16
1981
Australske (Kent Music Report) 7
Tyskland (Media Control AG) 25
US Mainstream Rock (Billboard) 50
2012 Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40) 49
Frankrike (SNEP) 43
Tyskland (Media Control AG) 25
US Digital Songs (Billboard) 51
2015 Sveits (Schweizer Hitparade) 61
2022 Ungarn (Singel Topp 40) 32

Salstrofé

Region Salstrofé Salstal
Tyskland (BVMI) Gull 250 000^
Italia (FIMI) Gull 25 000*
Mexico (AMPROFON) Platina 60 000^
Storbritannia (BPI) Sølv 200 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Use in sports

«Hells Bells» vart brukt som inngangsmusikk for den tidlegare Major League Baseball-spelaren Trevor Hoffman på heimekampar frå 1998 til 2010.

Songen blir spelt før kvar heimekamp for New Jersey Devils når spelarane kjem ut på isen.

Den tyske fotballklubben FC St. Pauli frå Hamburg og den franske rugbyklubben RC Toulonnais frå Toulon opnar alle heimekampar med å gå ut til «Hells Bells», førstnemnde ofte med store fanoppvisningar og pyroteknikk.

Under surfekonkurransen Bells Beach i Victoria i Australia, blir «Hells Bells» spelt i høgtalarane i byrjinga av det første heatet kvar konkurransedag.

Kjelder

Tags:

Hells Bells KomposisjonHells Bells MottakingHells Bells SalslisterHells Bells SalstroféHells Bells Use in sportsHells Bells KjelderHells Bells

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

HonoluluKåre ConradiUkrainaAnne-Karine StrømApp StoreFranklin D. RooseveltChristiania29. juniMeslingarArturo VidalQueenStrynefjelletDavid Ben-GurionSuezkanalenEtikkSmuglingBergen kommuneEgil ØstenstadÆrfuglPink Floyd The WallCosta RicaMaginotlinaKasakhstanDjengis khanVietnamGeitetårnRave On!HelsingforsBølgjebrytingRovpattedyrLady WriterLBrothers in Arms av Dire StraitsLa RochelleSèteVulvaM.I.A.KhalkidónaTorpoBrahmiskriftBurusjøenEgersundHeilage onsdagEl SalvadorBravoSpeleautomat1521Jonas Gahr StøreMogop1965Periferieininga PéllaØDet nederlandske kvinnelandslaget i fotballVladimir LeninMikhail GorbatsjovWaylon JenningsEuphoria av LoreenMiddelhavetOn Every StreetNew OrleansPhil PalmerJesusGalileo GalileiTadsjikistanMargit StóráBob MarleyByNord-AmerikaMenneskeanatomiSaltEkornMakedonsk språkToscanaw1p04Den apostoliske truvedkjenninga🡆 More