Hans Andreas Johannesson Seland (5.
mars">5. mars 1867–30. juni 1949) var forfattar og bonde frå Seland i Nes ved Flekkefjord. Han debuterte som forfatttar i 1890 med Ungdom : Espen sine songar. Frå vinteren 1893 arbeidde han som bladmann i Nordmannen i Oslo, og slo då gjennom som forteljar. Dei neste åra arbeidde han heime på garden vår og sommar. Ofte reiste han på forteljar- og foredragsferder om hausten og var heime og skreiv på vinterstid. Det vart både barnebøker, bygdelivsskildringar, «skjemtesoger», artiklar og brosjyrer, songar og salmar - 32 bøker i alt.
Hans Seland | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. mars 1867 Nes kommune |
Død | 30. juni 1949 (82 år) |
Yrke | skribent, barnebokforfattar, politikar |
Politisk parti | Venstre |
I 1903 fekk Hans Seland staten sitt forfattarstipend for å reisa til Amerika. I 1925 var han utsending frå Norges Bondelag til 100-årsfeiringa for norsk utvandring til Amerika. Han skreiv i 1904 boka Um Amerika.
Peter Daae, som sjølv hadde vore lenge i Amerika skreiv om denne boka i Aftenposten:
Hans Seland bidrog til å endra tydnina av omgrepet «bureising». Frå gammalt av er dette brukt om ei generell nyetablering av familie og bustad. Seland skreiv ein roman med namnet Bureising i 1910. Den handla om å dyrke ny jord og å reisa hus og uthus til ein ny familie – etablera eit nytt gardsbruk. Då han seinare blei styremedlem i Landmandsforbundet – seinare Norges Bondelag – arbeidde han aktivt for å etablera eit statleg støtteprogram til slike etableringar, og i ettertid er det denne tydinga ein knyter til omgrepet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hans Seland, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.