Gulnara Iskanderovna Galkina, fødd Samitova, (fødd 9.
juli">9. juli 1978) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Naberezjnyje Tsjelny i Tatarstan som tevla på mellom-, langdistanse- og i hinderløp. Ho vart olympisk meister i 3000 m hinder i 2008.
Gulnara Galkina | |
Statsborgarskap | Russland |
Fødd | 9. juli 1978 (45 år) Naberezjnyje Tsjelny |
Idrett | friidrett |
Tok del i | |
Utmerkingar | Venskapsordenen, æra meister av idrett i Russland |
Gulnara Samitova deltok under friidretts-VM 2003 i Paris, der ho vart nummer sju på 5000 meter. I 2004 kom ho på sjetteplassen på same distansen under Sommar-OL i Aten. Tidlegare same året sette ho ny verdsrekord på 3000 meter hinder med tida 9.01,59.
Galkina lukkast ikkje å ta medalje i hinder under VM i friidrett 2007 i Osaka, og enda på sjuandeplass. Derimot lukkast ho stort under dei olympiske leikane i Beijing i 2008, her forbetra verdensrekorden på 3000 meter hinder til 8.58,81, og tok ein suveren gullmedalje.
Under VM i friidrett 2009 i Berlin deltok leia Galkina hinderløpet til siste runde, men hadde lite å stille opp med i spurten og enda på fjerdeplass. Ho deltok i dei olympiske leikane 2012 og kvalifiserte seg til finalen i 3000 m hinder, men braut av og vart sist.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Gulnara Galkina, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.