Idrottslaget Gular (IL Gular) er eit idrettslag heimehøyrande i Bergen.
Laget vart stifta av bygde-og bondeungdomslaga i byen den 25. september 1946. Gular er aktivt med i friidrett og orientering, og medlemer i laget har sanka ei lang rekke NM-titlar i begge desse idrettsgreinene.
IL Gular eig Gularhuset i Sandviken i Bergen. Bygninga vart kjøpt i 1974 for å skaffe husvære til lagsmedlemer innflytta frå andre stader.
Friidrettsutøvarane Arne Hamarsland, Thor Solberg, Arne Risa, Stein Sletten, Knut Hjeltnes, Anfin Rosendahl, Atle Douglas, Quincy Douglas, Ingvill Måkestad og orienteringsløparen Jon Tvedt har alle vore landskjende Gular-medlemer.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Idrottslaget Gular, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.