Orientering

Orientering er ei idrettsgrein som går ut på å springa, gå, sykla eller gå på ski i ulendt terreng, og orientera seg ved hjelp av kart og kompass.

I eit orienteringsløp er det viktig å koma seg i mål fortast råd etter å ha vore innom markerte punkt i terrenget, såkalla postar. Orienteringsløparar skal finna kontrollpunkta, postane, i ei viss rekkefølgje, men skal sjølv fritt velja løypa si. I tillegg til å vera i god form er det altså viktig å kunne lesa kart og å planleggja den raskaste og minst energikrevjande løypa.

Orientering
Markeringa av ein post i ein skog i Tsjekkia.

Meir hobbyprega orientering kan gå ut på å samla orienteringsmål, postar, i ro og mak. Dette kallast turorientering, og er ofte organisert som ein turkonkurranse.

Idrettsforma oppstod i Skandinavia på 1800-talet, som ein måte å trena soldatar på. Ho blei først ein konkurranseidrett i Sverige i 1919. Utviklinga av meir nøyaktige kompass i 1930-åra gjorde orientering meir populær, og den første noregsmeisterskapen blei arrangert i 1937. Norges Orienteringsforbund blei stifta 2. oktober 1945.

Idretten er blitt populær i Noreg, og er ein av sommarsportane der det norske landslaget har teke mange VM-medaljar. Rundt 30 000 nordmenn driv aktivt med orientering.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

IdrettKartKompassSkiSykkel

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Filmserien Harry PotterLudwig van BeethovenNummererte småplanetar/1–1000SiamToscakakeKasakhstan14. septemberGeorgiaKveiteHeaven for EveryoneRegionar i EtiopiaIsbreÉdith PiafOdesaCarles PuigdemontQawahNorskLewis Hamilton26. marsNike, Inc.DeltaLønnDifferensialdiagnoseBroen over KwaiSigurd Nesdal2012-fenomenetDalarnaKristian ØdegårdJolly ColaSpektralklasseOrientråkeAmfidromisk punktHallgeir Brenden2. aprilHalsHeradDonauBjørnstjerne BjørnsonVallaheianeGuvernørHalsnøyRakiaStilarkApeHaitiTjeldFinsk fonologiC1986Skalmen fyrstasjonVM i fotball 2010Viking FotballklubbKlubbe25. marsVictoria av StorbritanniaLandegodeCarl XVI Gustaf av SverigeJesusOddaGauderRay CharlesVik kommuneNummererte småplanetar/2001–3000BjørnRøyskattEPA-traktorGaukOppdalFredrik II av PreussenUllevaal StadionMosambikBuckminsterfullerenMancaveOman🡆 More