Generalforsamlinga i SN eller hovudforsamlinga i SN er eit av hovudorgana i Dei sameinte nasjonane (SN).
Forsamlinga består av alle medlemsland i SN og møte vert haldne i ordinære årlege sesjonar leia av ein president vald av forsamlinga. Den første sesjonen fann stad 10. januar 1946 i London og talte 51 representantar. Forsamlinga møter idag i ordinære sesjonar i SN-bygningen i New York.
Regulære årlege sesjonar vert normalt haldne frå september til desember. I tillegg kan forsamlinga kallast inn til ekstraordinære sesjonar. Samansetnaden til forsamlinga, funksjonen, styresmakt og prosedyrar er nedfelt i kapittel IV i SN-charteret.
Vedtak i viktige saker – som freds- og tryggleiksspørsmål, val av medlemmer til Tryggingsrådet og andre organ, i tillegg til budsjettsaker – krev to tredels fleirtal. Andre saker blir avgjort ved simpelt fleirtal. Kvart land har éi stemme. Prinsippet med at små og store land har lik stemmevekt betyr at ein teoretisk koalisjon som til saman utgjer 8 % av folkesetnaden i verda, kan utgjere eit to tredels fleirtal.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Generalforsamlinga til SN, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.