Gaston Roelants

Gaston Roelants (fødd 5.

februar">5. februar 1937) er ein belgisk tidlegare friidrettsutøvar frå landsbyen Opvelp i Flandern. Han er best kjend som hinderløpar, men deltok også på langdistansar heilt opp til maraton. Roelants vart europameister på 3000 meter hinder i 1962 og olympisk meister i same øvinga i 1964. Han sette to verdsrekordar på 3000 m hinder, den siste i 1965 med tida 8.26,4.

Gaston Roelants
Gaston Roelants
Statsborgarskap Belgia
Fødd 5. februar 1937 (87 år)
Opvelp
Yrke maratonløpar, langdistanseløpar, friidrettsutøvar
Høgd 174 centimeter
Gaston Roelants på Commons
Gaston Roelants
Gaston Roelants i 1967

Aktiv

Roelants fekk sin meisterskapsdebut under sommar-OL 1960 i Roma. Her kom han på fjerdeplass på 3000 meter hinder. Frå august 1961 innleia han ei sigerrekke i hinderløp som skulle vare i fem år. I denne perioden vann han gullmedaljen på friidretts-EM 1962 i Beograd, og heldt fram året etter, den 7. september 1963, med å sette verdsrekord i Leuven på tida 8.29,6. I oktober 1964 sikra han seg gullmedaljen under sommarleikane i Tokyo med ei tid ned mot sin eigen verdsrekord. Han forbetra i 1965 verdsrekorden på distansen til 8.26,4, ein rekord som vart ståande i tre år.

Ved europameisterskapen i Budapest i 1966 vart Roelants sigerrekke på 3000 m hinder broten, då det vart bronsemedalje. Under dei olympiske leikane i Mexico-byen i 1968 vart han nummer sju på 3000 m hinder med tida 8.59,4, vel åtte sekundar bak olympiameisteren frå Kenya. Sidan i leikane kom han ellevteplass i maraton, i tynnlufta i Mexico brukte han over to timar og 29 minuttar.

Frå slutten av 1960-talet konkurrerte Roelants oftast på lange distansar. Han vann VM i terrengløp fire gongar; 1962, 1967, 1969 og 1972, tre gongar kom han på andreplass. To gongar sette han verdsrekord på 20 000 meter og 1 times løp. Dei siste rekordane frå 1972 var på 57.44,4 og 20 878 meter. I europameisterskapane 1969 og 1974 tok han høvesvis sølv- og bronsemedalje i maratonløp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Kjelder

Tags:

19375. februarBelgiaFlandernFriidrett

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

JordGalileo GalileiSosialdemokratiPompeiiBloggHenrik II av EnglandHestehovBrunDen kalde krigenDurgaKommunismeDiktBislett-medaljenDet australske flaggetSpanskGramElg i solnedgangKattugleEuropaLand i Eurovision Song ContestSlumdog MillionaireBook of KellsDei sameinte arabiske emirataBerlinblokadenKolonialhandelSirkelOblatDet polske flagget11. aprilNoahAkslaDen raude plassenHøgnorskEmma Tallulah BehnBieMenneskeanatomiRolf WiderøeBergen kommuneSamisk kulturEngelskHjuldyrFriksjonKyprosMatriarkHøgaste fjella i RanaHenrik WergelandKongsberg SølvverkCelsiusFuruHeradDompapAmalie SkramSosialliberalismeTrettiårskrigenTamilVeneziaAliártosLinn UllmannSøppelDet norske husUkrainaDen muslimske verdaMikro2002BalkanUsbekistanAbdusamet YigitKlima i Nord-AmerikaHydrogenKrigLimequatIltalehti🡆 More