Fribourg (fransk; på tysk Freiburg im Üechtland eller berre Freiburg) er ein by i kantonen Fribourg i Sveits.
Byen har eit areal på 9,3 km2, og hadde 34 490 innbyggarar i 2009. Fribourg er hovudstad i kantonen ved same namn, og i distriktet Sarine. Byen ligg ved elva Saane. Bysentrum ligg 610 meter over havet.
Fribourg/Freiburg | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | kantonen Fribourg | ||
Distrikt | Sarine | ||
Språk | fransk og tysk | ||
Borgarmeister | Pierre-Alain Clément | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune | 9,32 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik | 34 897 3 744,3 /km² | ||
Koordinatar | 46°48′0″N 7°09′0″E / 46.80000°N 7.15000°E | ||
Høgd over havet | 610 moh | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 1700 | ||
Nettstad: www.ville-fribourg.ch |
Byen vart grunnlagd i 1157 under Berchtold IV von Zähringen. Tida 1277-1452 låg han under habsburgarane. I 1482 vart byen teken opp i Det sveitsiske eidsforbundet. Fribourg vart biskopssete i 1613, etter på 1500-talet å ha vore eit sentrum for motreformasjonen.
Fribourg er eit viktig økonomisk, administrativt og lærdomssenter i grenselandet mellom fransk og tysk kultur og samfunn i Sveits. Gamlebyen er ein av dei best bevarte i Sveits.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Fribourg, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.