François Couperin: Fransk cembalospelar, organist og komponist

François Couperin (10.

november">10. november 166812. september 1733) var ein vidkjend fransk cembalospelar, organist og komponist av fransk barokkmusikk.

François Couperin
François Couperin: Liv og virke, Musikk, Kjelder
Fødd10. november 1668
FødestadParis
Død11. september 1733 (64 år)
DødsstadParis
OpphavFrankrike
Sjangerbarokkmusikk
Instrumentorgel, fiolin
Verka somkomponist, organist, gambist, cembalist
FarCharles Couperin
BornMarie-Madeleine Couperin, François-Laurent Couperin, Marguerite-Antoinette Couperin

Han var òg kjend som Couperin le Grand, det vil seie ‘den store’, for å skilje han ut frå dei andre evnerike medlemmene av Couperin-familien, på grunn av den uvanlege virtuositeten hans på pipeorgel og cembalo.

Liv og virke

Couperin vart fødd i Paris. Han vart undervist av far sin, Charles Couperin, som døydde då Francois var 10, og av Jacques Thomelin. I 1685 vart han organist i Saint-Gervais-kyrkja i Paris, ei stilling han arva av far sin og som han skulle vidareføre til syskenbarnet, Nicolas Couperin. Andre medlemmer av familien skulle halde den same posisjonen i seinare år. I 1693 tiltredde Couperin for læraren sin Thomelin som organist i Chapelle Royale (det kongelege kapellet) med tittelen organiste du Roi, organist etter avtale med kongen. Dette var solkongen, Ludvig XIV.

I 1717 vart Couperin hofforganist og komponist, med tittelen ordinaire de la musique de la chambre du Roi. Med sine kollegaer gav Couperin vekentlege konsertar, vanlegvis på sundagar. Mange av desse konsertane var suitar for fiolin, gambe, obo, fagott og cembalo.

Musikk

Couperin skreiv over 240 rikt ornamenterte cembaloverk som han samla i 27 Ordres og utstyrte enkeltsatsane med titlar som skulle vise til karakteren i stykket.

I tillegg komponerte han motettar, chansons, to orgelmesser, triosonatar og dei programmatiske kammermusikkverka Apothéose dei Corelli og Apothéose dei Lully.

Det einaste teoretiske verket hans er L'art dei toucher le clavecin (kunsten å spele cembalo) som inneheld forslag til fingersetning, ornamentering og annan cembaloteknikk. Johann Sebastian Bach lærte seg Couperins fingersetningsteknikk, mellom anna ved å byrje å ta i bruk tomlane til å spele med.

Instrumentalverk

Cembalo

  • Første boka (1713) : Ordres 1 til 5
  • Andre boka (1717) ; Ordres6 til 12
  • Tredje boka (1722) : Ordres 13 til 19
  • Fjerde boka(1728) : Ordres20 til 27
  • A didactc treatise L’Art de toucher le clavecin (1716) som inneheld åtte preludium og ein allemande.

Orgel

To messer (1690)

    • Messe pour les paroisses for soknekyrkjer
    • Messe pour les couvents for kloster

Kammermusikk

  • Triosonatar (ca 1690)
    • La Pucelle
    • La Steinkerque
    • La Visionnaire
    • L'Astrée
  • quatuor sonata (ca 1695) : La Superbe
  • Les Nations (1726) : desse triostykka er forma av ein sonate etterfølgd av ein suite.
    • La Française
    • L'Espagnole
    • L'Impériale
    • La Piémontaise
  • « Apothéoses », triosuitar (1724)
    • Le Parnasse ou l’apothéose de Corelli
    • Concert en forme d’apothéose à la mémoire de l’incomparable M. de Lully
  • Concert royaux (1714) N° 1 à 4
  • Nouveaux Concerts eller les Goûts réunis (1724) N° 5 à 14
  • Pièces de violes (1728) 2 suitar

Vokalmusikk

  • Lecons de ténèbres a une et deux voix
    • Première lecon
    • Seconde lecon
    • Troisième lecon

Kjelder

Bakgrunnsstoff

François Couperin: Liv og virke, Musikk, Kjelder  Commons har multimedium som gjeld: François Couperin

Tags:

François Couperin Liv og virkeFrançois Couperin MusikkFrançois Couperin KjelderFrançois Couperin BakgrunnsstoffFrançois Couperin10. november12. september16681733CembaloFrankrikeKomponistOrganist

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

FotEl GrecoKongo-BrazzavilleNormaltidFinnøyThe BeatlesDen kinesiske kalenderenLangfredagsfjæreOpplettHalvdan SvarteFareskiltVladimir PutinWikimediaElvdalskIslandThomas MoreArtemisPåskehareOtto JespersenEmma WatsonMonogamiDentalFrihetens regnDet nederlandske koloniriketThor HeyerdahlEric CarmenSilvestre y La NaranjaAnne HoltAdolf HitlerBloggGreenwich middeltidAleksander I av RusslandLukkaDeltaKobolt1318WiktionaryTadsjikistanMesopotamiaBjørn1066Aleksej NavalnyjPumoriRoger FedererInformasjonskapselElectrolux AssistentOttomanUnicodeLeonard RickhardMultiplikasjonNord-Irland2. desemberRombeSionismeMaskorama (sesong 4)IntellektuellHaakon Magnus av NoregPåskeAlderspensjonSjøfartLa forza del destinoMånenMosesPaddene i Austefjorden28. marsNorsk SoloProfessor emeritusKlokkeSildNord-KyprosSverre Magnus av NoregKirsti Bergstø🡆 More