Ferenc Puskás (2.
april">2. april 1927–17. november 2006) var ein ungarsk fotballspelar, fødd og død i Budapest. Han var den aller beste spelaren på det fabelaktige landslaget til Ungarn som i tida 1950-56 imponerte all fotballekspertise. Puskás skåra 84 mål på 85 landskampar for Ungarn i perioden 1945–56. Han var sentral då Ungarn vann OL-gull i 1952, då Ungarn slo England 6–3 på Wembley i 1953 og då laget overraskande tapte VM-finalen 1954 mot Vest-Tyskland med 2 mot 3 mål. Tapet var Ungarns fyrste på over fire år.
Ferenc Puskás | |
Statsborgarskap | Ungarn, Spania |
Fødd | 1. april 1927 Budapest |
Død | 17. november 2006 (79 år) |
Idrett | fotball |
Tok del i | |
Utmerkingar | æresborger av Budapest |
Puskás spelte på Budapest-laget Kispest Honvéd frå 1943 til 1956, eit lag han vann fem nasjonale seriemeisterskap med i tida 1950 til 1955. Då Sovjetunionen invaderte Ungarn hausten 1956, rømde Puskás landet. Han signerte i 1958 kontrakt med den spanske storklubben Real Madrid og vart dei neste åra spansk seriemeister fem gonger. Både i 1959 og 1960 var han med på å vinne Europacupen. I 1960-finalen, då Real Madrid vann heile 7-3 over Eintracht Frankfurt, skåra Puskás fire av måla og lagkameraten Alfredo Di Stéfano dei tre andre. Totalt skåra Puskás 156 mål på 180 kampar for det spanske meisterlaget.
I 1962 fekk Puskás spansk pass og var med i Spania sin tropp til fotball-VM i Chile. Han spelte fire landskampar for Spania, utan å skåre.
Puskás kom i 1960 på andreplassen i kåringa av Årets spelar i Europa. Han la fotballskoa på hylla i 1966.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ferenc Puskás, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.