Eit felttog er ein større militær operasjon, og omgrepet blir somme gonger nytta om ein heil krig.
Opphavleg meinte ein med felttog alle operasjonar ein hær utførte frå han drog ut til den returnerte. Under «kabinettkrigane» i Europa (om lag 1650 til 1800), der ein ikkje kriga på vinteren, så handla eit felttog om alle operasjonane i et år, frå ein vinterleir til neste vinterleir. Sidan den tid har ein med felttog òg ofte meint alle dei geografisk avgrensa operasjonane til ein hær (for eksempel felttoget i Nord-Afrika) eller ein sjølvstendig del av krigen som heile. Ein krig består derfor nokre gonger av fleire felttog. Eit eksempel på at ein heil krig blir omtalt som eit felttog er felttoget til Napoleon i Russland i 1812.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Felttog, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.