Fanastølen er ein blindveg i Fana bydel i Bergen som går søraustover frå Fanavollen.
Fanastølen | |||
---|---|---|---|
Strekning | |||
Informasjon | |||
Lengd | 350 m | ||
Status | Kommunal veg | ||
Tilstøytande vegar | |||
Fanavollen |
Vegen er omkring 350 meter lang.
Namnet på vegen vart vedteke i 1976.
Tidlegare låg Fanastøl skole og Fanastøl behandlingshjem i vegen. I dag held Stiftelsen Fanastøl - Institusjoner for barne- og ungdomspsykiatri til i desse lokala.
Den tidlegare serveringsstaden Fanaseteren, som hadde ein liten familiepark med hestar og elles ymse dyr og fuglar, låg attmed vegen på det høgste punktet over Fanafjellet i Fana, i eit vakkert og mykje nytta turområde. I dette området har Hordamuseet (ei avdeling av Bymuseet i Bergen) si stølsavdeling med ni stølsbygningar spreidde ikring i terrenget, som kvar fortel si soge om stølsdrift, seterdrift, på fjellet. Dette setermuseet er ein del av turområdet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Fanastølen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.