«fvt.» er ei forkorting som tyder før (byrjinga av) vår tidsrekning.
«fvt.» er ei sekulær nemning som svarar til «f.Kr» - før Kristi fødsel. Eit døme på bruk er 100-talet fvt. Forkortinga «evt.» tyder tilsvarande etter (byrjinga av) vår tidsrekning. Desse nemningane har sine parallellar i andre språk, og det har vore stendig meir vanleg internasjonalt å gjere seg nytte av slike nemningar i staden for dei gamle nemningane knytt til Kristi fødsel. Ikkje minst gjeld dette i vitskapleg samanheng.
Anten ein nyttar nemninga f.Kr eller nemninga fvt., er det framfor alt viktigast å nytte dei når ei tidsperiode nær dette tidsskiljet skal nemnast, som til dømes perioden 50 fvt.— 50 evt., altså når det for lesarane kan vere tvil om det gjeld åra før eller etter skiljet. Men òg i andre høve, til dømes i omtale av kulturar og tilhøve som ikkje er særleg kjende for dei ein vender seg til, kan det vere viktig å poengtere om årstala gjeld tidene fvt. eller evt.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Fvt., which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.