Elista (russisk Элиста́, kalmykisk Элст, Elst) er hovudstad i Republikken Kalmykia i Russland med om lag 105 000 innbyggjarar.
Han ligg 1200 km sør-søraust for Moskva.
Elista Элиста | |||||
---|---|---|---|---|---|
Offentleg sjakk i sentrum av byen | |||||
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Kalmykia | ||||
Grunnlagd Bystatus | 1865 1930 | ||||
Borgarmeister | Radi Burulov | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By | 208 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik | 102 700 493,8 /km² | ||||
Koordinatar | 46°19′00″N 44°16′00″E / 46.31667°N 44.26667°E | ||||
Høgd over havet | 120 moh. | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 3580xx | ||||
Retningsnummer (tlf) | (+7)84722 | ||||
Nettstad: www.elista.org |
Byen er kjent som eit særs viktig sentrum innan sjakk. Store turneringar har vorte halde her.
Elista vart grunnlagt i 1865 som ein mindre busetnad. I november 1920 vart Elista administrativt senter for Den kalmykiske autonome oblast. Innan tidleg på 1930-talet var Elista forandra til ein liten by sidan kollektiviseringspolitikken til Josef Stalin tvinga mange kalmykar til å gje opp den tradisjonelle nomadiske livsstilen sin til fordel for ein fastbuande og urban livsstil. I oktober 1935 vart Elista utnemnd som hovudstad i Den kalmykiske ASSR.
27. desember 1943, vart Den kalmykiske ASSR oppløyst og dei etniske kalmykane i republikken vart tvangsdeportert til Sibir. Russarar vart frakta til Elista for å folkesetje byen på ny og namnet vart endra til Stepnoj (russisk: Степно́й). Byen heitte Stepnoj til 1957, då dei overlevande etter deportasjonane fekk løyve til å kome tilbake frå eksil.
Etter 1991 har byen vore karakterisert av det sakte forfallet til sovjet-bygde institusjonar og dei store byggeprosjektene sett i gang av millionær-presidenten Kirsan Iljumzjinov.
Bysentrumet har mange renoverte offentlege parkar sentrert rundt hovudtorget, med statuar av både Lenin og Buddha. Aust for byen ligg «Olympialandsbyen» frå den 33. sjakkolympiaden i 1998, lokalt kjent som «Sjakkbyen». Staden har mellom anna eit museum av kalmykisk buddhistisk kunst og han vert stundom nytta som konferansesenter.
Under vitjinga si i 1998, valde Dalai Lama ein stad vest for bysenteret for bygginga av eit nytt buddhisttempel for innbyggjarane. Det vart opna i desember 2005.
Byen fungerer som forvaltings-, utdannings- og handelssentrum. Industrielt er berre næringsmiddelhandsaming viktig.
Elista har ei mindre regional lufthamn, med ruter til Moskva og byar sør i Russland.
Det går jernbanelinje frå Elista sørover til Stavropol og vegsamband til Volgograd og Astrakhan.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Elista, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.