Elektronisk Forpost Noreg (bokmål Elektronisk Forpost Norge, nordsamisk Elektovnnaláš Ovdasjuovku Norgga), EFN er ein elektronisk rettsorganisasjon som jobbar med medborgarskap og juridiske rettar i IT-samfunnet.
EFN kan sjåast på som eit norsk motstykke av den amerikanske Electronic Frontier Foundation (EFF).
Elektronisk Forpost Norge | |||
| |||
Type | forening/lag/innretning | ||
---|---|---|---|
Org.nummer | 985090394 | ||
Skipa | 1995 | ||
Hovudkontor | Oslo | ||
Leiar | Thomas Gramstad | ||
Nettstad | https://efn.no/ |
Samskipnaden vart starta av Micha Reisel i 1994 som eit forum (e-postliste), og leiast i dag av Thomas Gramstad. EFN arbeider for å setja fokus på blant annan digital allemannsrett, opne standardar, opphavsrett, personvern, teknisk allmennkunne og datatryggleik. Ei viktig retning blant medlemmane er Creative Commons, rørsla som søkjer å forbetra og vidareutvikla innhald, åndsverk, programvare og internett gjennom fri deling av kunnskap, kjeldekode og opna rettar.
Frå 2007 er EFN medlem av European Digital Rights (EDRi), som blant anna arbeid med spørsmål om personvern og digital allemannsrett overfor EU.
EFN har òg eigne til ungdoms- og studentforum, og sender eigne lag til The Gathering og Wiki-arrangement.
Det er per mars 2008 ca. 950 abonnentar av epostlista, der ca. 900 er medlemmar av EFN.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Elektronisk Forpost Noreg, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.