Ekstremsport er idrett og fritidsaktivitet der utøvaren tør dei fysiske grensene sine og/eller utset seg for relativt stor skaderisiko.
Ein må ofte visa mot og vera villig til å eksponere seg for objektive risikoar, farlige hendingar i omgjevnadene som ein har liten kontroll med gjennom eigen teknikk (til dømes snøskred). Ein viktig bakgrunn for ekstremaktivitetar er den psykiske opplevinga, såkalla adrenalin-kick, som utøvarane får i nervepirrande situasjonar.
Døme på ekstremsport er fjellklatring, fallskjermhopping (basehopping), hanggliding, paragliding, frikøyring på ski og snøbrett, motocross, terrengsykling, rullebrett, juvvandring, rafting, elvepadling, wakeboard, surfing og djupvassdykking.
Internasjonale konkurransar i ekstremsport blir mellom anna heldt gjennom X Games i USA og på Ekstremsportveko på Voss i Hordaland.
«ekstremsport» i Store norske leksikon, snl.no.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ekstremsport, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.