Rullebrett

Rullebrett, skeitebrett eller skateboard er eit smalt, avlangt brett med to par små hjul, nytta til å stå på i fart for å kome seg fram eller gjere ulike triks og hopp.

Farta får rullebrettkøyraren ved å stå på brettet med eine foten og sparke frå med den andre, eller å køyre utfor bakkar av ulike slag. Det finst òg eigne baner for rullebrettkøyring, og det vert halde konkurransar, mellom anna noregsmeisterskap.

Rullebrett
Stor fart og høge hopp på rullebrett i særskilde tillaga baner.
Rullebrett
Ein rullebrettkøyrar.

Kjende kommunale innandørshallar for rullebrettkøyring finst i Bergen (Fysak ved Slettebakken haldeplass på Bybanen), i Drammen (Nøstedhallen på vegen mot Svelvik), i Bærum (Arena på Bekkestua) og i Oslo (Oslo Skatehall, Stavangergata 28 på Voldsløkka). Store friluftsanlegg finst på Månejordet i Larvik, på Koigen i Hamar, rett attmed jarnbanestasjonen i Gjøvik og Dyveke bru i Gamlebyen i Oslo. Frå 2016 er det òg ein innandørshall i eit tidlegare hamneskur, Skur 13, på Filipstad i Oslo. Elles finst det mange større og mindre anlegg og innandørsbaner fleire stader ikring i landet.

Forbodet i Noreg mot rullebrett

Det var totalforbod mot rullebrett i Noreg frå 7. september 1978 til 9. mai 1989. Forbodet var grunna i dei farane for å verte skada som rullebrettkøyrarar utsette seg for. I desse åra var Noreg det einaste landet i verda som hadde forbod mot å selje, kjøpe eller stå på rullebrett. Men det har synt seg at det ikkje er fleire alvorlege skader ved bruk av rullebrett enn det er i dei fleste andre idrettar.

Bakgrunnsstoff

Tags:

Hjul

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Voss heradNatriumResettNikita KhrusjtsjovHeartbreak HotelVersaillestraktatenÉdessa i HellasKristian ØdegårdVerdsvevenPaul RodgersVevdesignZuluSalman av Saudi-ArabiaOddNaruhito av JapanSteinGulAasmund Olavsson VinjeSibirUrfolk i USAHoggormHelena Brodtkorb14. aprilRusmiddelet cannabisArabiskHindutempelSkånland kommuneFinnøyDanmarkLewis CarrollROBEKSgt. Pepper’s Lonely Hearts Club BandKirsti SparboeStrandtornKarinUngarskMajonesHTMLCelsiusTranebærBan Ki-moonFjelløkologiThe Colour and the ShapeListe over norske nyordDet indiske kastesystemetAndre verdskrigenMexicoReligiøse nasjonalsymbolJon FosseSaltOslolosenNasjonalplantarUrsamiskHusøy i SenjaNazistLivádia i KilkísGail ZappaDonald TrumpØystein SundeEurovision Song Contest 2002JonsokSunnhordlandske ord og vendingarFinnmark fylkeImathíaKaspihavetTorgeir Knag FylkesnesBiologisk familieHarald MæleTeknologi24. aprilSexyHøgtalar🡆 More