Duluth er ein by i austre Minnesota, og hovudsete i St.
Louis County i Minnesota">St. Louis County. Byen ligg ved munningen av Saint Louis-elva ved vestspissen av Øvresjøen. Han er difor ein viktig hamneby for skipstrafikk på dei store innsjøane, med over 1000 skip årleg. På motsett side av elva som utgjer delstatsgrensa til Wisconsin ligg nabobyen Superior. Folketalsestimatet for 2004 sette innbyggjartalet i Duluth til 85 556; med forstader er folkesetnaden på rundt 184 000 innbyggjarar.
Duluth | |||
by | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Stat | Minnesota | ||
Fylke | Saint Louis County | ||
Areal | 236,778437 km² | ||
Folketal | 86 697 (1. april 2020) | ||
Duluth i Minnesota 46°47′13″N 92°05′53″W / 46.786944444444°N 92.098055555556°W | |||
Wiki Commons: Duluth, Minnesota | |||
Området var først folkesett av sioux- og chippewafolk. Franskmannen Daniel Greysolon, Sieur du Lhut, gjorde krav på området for Frankrike i 1679, og byen er oppkalla etter han. Byen utvikla seg gjennom 1800- og 1900-talet, først basert på trua om koparførekomstar i området, etter kvart på grunnlag av skoghogst, industri og stålproduksjon. Folketalet nådde ein topp på 106 884 i 1960. Nedlegginga av stålfabrikken i 1971 skapte mykje arbeidsløyse og fråflytting, men opna opp for renovasjon av sentrum for å tiltrekkja turistar.
Duluth-greina av University of Minnesota er det største universitetet i byen, med litt over 10 000 studentar.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Duluth i Minnesota, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.