Dramma per musica (italiensk for 'drama for musikk') er eit uttrykk nytta av dramatikarar i Italia og andre stader frå seint på 1600-talet til midten av 1800-talet.
Det vart stundom forkorta til berre dramma.
Ein dramma per musica var opphavleg eit drama skrive for at det skulle setjast musikk til, med andre ord ein libretto for ein opera, vanlegvis ein seriøs opera. Uttrykket vart etter kvart nytta om operaer som vart komponert til librettoen og ein variasjon, dramma in musica, som la vekt på det musikalske elementet, vart stundom føretrekt av komponistane.
På 1700-talet vart desse uttrykka, i lag med dramma musicale, hovudsakleg nytta for å skildre seriøse italienske operaer. I dag vert desse kalla opera seria, eit uttrykk som vart lite nytta då dei vart komponerte.
Døme på drammi per musica er Cavallis Erismena (1656), Vivaldis Tito Manlio (1719), Glucks Paride ed Elena (1770), Salieris Armida (1779), Mozarts Idomeneo (1781) og Rossinis Otello (1816), i tillegg til mange librettoar skrivne av Pietro Metastasio.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Dramma per musica, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.