Dragkamp er ein uthaldenheits- og styrkesport der to lag på kvar si side dreg eit tau.
Det laget som vinn, er det laget som dreg det andre laget ei strekning på fire meter fyrst.
Normalt består eit dragkamplag av åtte dragarar. Dragkamp vert konkurrert i ulike vektklassar der det er dei åtte dragarane si samanlagde vekt som tel. Tauet skal ha ein omkrins på 10–12,5 cm og vere minst 33,5 meter langt. Ute er bana 40 meter lang og minst 3 meter brei der ein konkurrerer på grasunderlag. Ein kamp vert avgjort i best av tre dragingar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Dragkamp, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.