Dorrit Willumsen (fødd 31.
august">31. august 1940 på Nørrebro i København) er ein dansk forfattar. Ho debuterte i 1965 med novellesamlinga Knagen og har sidan fått utgjeve ei rekkje romanar, dikt- og novellesamlingar.
Dorrit Willumsen | |
Statsborgarskap | Danmark |
Fødd | 31. august 1940 (83 år) Nørrebro, København |
Yrke | skribent, manusforfattar, romanforfattar, lyrikar |
Språk | dansk |
Ektefelle | Jess Ørnsbo |
Det eigentlege gjennombrotet fekk Willumsen med romanen Marie frå 1984. Romanen handla om livet til Madame Tussaud og dei kostnadane kunstnarvirket kan ha for kjærleikslivet.
I 1986 utkom ei sjølvbiografisk erindringsbok kalla Suk hjerte.
Romanen Klædt i purpur, som kom ut i 1990, vart seinare omarbeidd for teater. Høyrespela Ud af billedet og Så længe smerten er usynlig kom ut i 1992.
I 1997 vart ho tildelt Nordisk Råds litteraturpris for Bang: en roman om Herman Bang. Sidan 1980 har ho fått kunstnarløn frå den danske staten..
Willumsen har sidan 1963 vore gift med lyrikaren Jess Ørnsbo. Saman har dei sonen Tore Ørnsbo som også er lyrikar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Dorrit Willumsen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.