«Don't Look Back» er ein song av The Remains som vart gjeven ut som den siste singelen deira på Epic Records.
Songen vart skriven av Billy Vera, som skreiv og spelte inn «Storybook Children» for Atlantic Records. «Don't Look Back» kom ut i 1966 med B-sida «Me Right Now», som var skriven av Barry Tashian, frontmannen i The Remains.
«Don't Look Back» kom ut på det einaste albumet til The Remains, The Remains frå 1966. «Don't Look Back» kom òg ut på den populære samleplata Nuggets: Original Artyfacts from the First Psychedelic Era, 1965–1968.
Robert Plant spelte denne songen som eit ekstraspor på CD-singelen «Hurting Kind (I've Got My Eyes on You)» i 1990.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Don't Look Back av The Remains, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.