Dieter Fromm (fødd 21.
april">21. april 1948) er ein tysk tidlegare mellomdistanseløpar frå Bad Langensalza i Thüringen som representerte Aust-Tyskland. Han vart europameister på 800 meter i 1969 og nummer to på same distansen i EM 1971.
Dieter Fromm | |
Statsborgarskap | Tyskland, Den tyske demokratiske republikken |
Fødd | 21. april 1948 (76 år) Bad Langensalza |
Idrett | friidrett |
Tok del i | friidrett under Sommar-OL 1968 – 800 meter menn, friidrett under Sommar-OL 1972 – stafett 800 meter menn, friidrett under Sommar-OL 1972 – 800 meter menn |
Utmerkingar | Fedrelandets fortjenstorden i bronse |
Fromm stega inn i verdseliten på 800 meter då han 14. juli 1968 vann distansen under landskampen Sovjetunionen – Polen – Aust-Tyskland i Leningrad, tida 1.46,1 var den tredje beste i verda i OL-sesongen føre sommarleikane i Mexico-byen. Etter å ha vorte sjettemann i Sommar-OL 1968, sprang han i Friidretts-EM 1969 inn til gullmedalje på personbeste 1.45,9.
I 1970-sesongen fekk Fromm notert 1.47,0 i sitt beste 800-meterløp. Under europameisterskapen 1971 i Helsinki viste han atter evna til å ta ut sitt beste i dei største tevlingane. Sluttida 1.46,0 var årsbeste og sikra han sølvmedaljen, tidelen bakom Jevgenij Arzjanov frå Sovjetunionen.
Den 14. juni 1972 sletta Fromm den austtyske 800-rekorden til Manfred Matuschewski. Ved eit stemne i Aust-Berlin vart han klokka inn på 1.45,4, ei tid han sjølv tangerte i landskampen mot Frankrike nokre veker seinare. I september kvalifiserte han seg til OL-finalen i München, i finalen gav han opp og vart sist i feltet. To år seinare vart nummer sju og nest sist i EM-finalen i Roma.
Sommaren 1976 kvalifiserte Fromm seg til Sommar-OL 1976 på 1500 meter, etter eit løp på 3.39,9. To veker før sommarleikane tok til i Montreal, fekk han skadd ei akhilles-sinje då ein annan løpar trakka på foten hans. Han la deretter opp.
Fromm var austtysk meister på 800 meter i 1968, 1971, 1972 og 1975. I 1968 var han dobbelmeister med di han han også sigra på 1500 meter.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Dieter Fromm, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.