Det europeiske vasskiljet er ei linje som deler nedslagsfelta til dei store elvane i Tyskland; Rhinen, som har sitt utspring i Alpane og som munnar ut i Nordsjøen via Nederland, og Donau, som har sitt utspring i Schwarzwald og som munnar ut i Svartehavet.
Det europeiske vasskiljet er ikkje eit klart definert skilje. Sidan Rhinen ligg lågare i terrenget enn Donau fører underjordiske elvar ein del vatn frå Donau sitt nedslagsfelt til Rhinen. Sidan desse underjordiske elvane eroderer bort kalksteinen dei renn gjennom reknar ein med at dei øvre delane av Donau ein dag vil forsvinne og verte ein del av Rhinen.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Det europeiske vasskiljet, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.