Derartu Tulu (fødd 21.
mars">21. mars 1972) er ein etiopisk langdistanseløpar frå Bekoji i Oromiaregionen. Ho vann gullmedaljen på 10 000 meter både under OL 1992, OL 2000 og VM 2001, dessutan tok ho VM-sølv i 1995 og OL-bronse i 2004 på same distansen. Tulu sigra også i tre verdsmeisterskap i terrengløp.
Derartu Tulu | |
Statsborgarskap | Etiopia |
Fødd | 21. mars 1972 (52 år) Bekoji |
Yrke | maratonløpar, langdistanseløpar, friidrettsutøvar |
Høgd | 160 centimeter |
Derartu Tulu på Commons |
Tulu vekte merksemd fyrste gongen då ho i 1991 tok VM-sølv i terrengløp. Under friidretts-VM 1991 vart ho nummer åtte på 10 000 m. Året etter vann ho den same distansen under Sommar-OL 1992 i Barcelona, tre år etter fekk ho sølv på mila under VM 1995 i Göteborg. I 1995 vann ho elles det fyrste av tre VM-gull i terrengløp, dei hine kom i 1997 og 2000.
I 1997 deltok Tulu i Boston maraton og vart nummer fem. Under sommarleikane 2000 i Sydney vart ho olympisk meister på 10 000 meter på ny, og sette samstundes personleg rekord med tida 30.17,4. Ho stadfesta sitt ry som verdsleiande då ho i Edmonton i Canada vart verdsmeister 2001 på 10 000 meter. Den same sesongen sigra ho både i London maraton og i Tokyo maraton.
Under dei olympiske leikane 2004 i Aten måtte Tulu gje tapt mot kinesiske Xing Huina og si eiga kusine, Ejegayehu Dibaba, på 10 000 m og kom dermed på bronseplassen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Derartu Tulu, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.