Den internasjonale domstolen, på engelsk International Court of Justice, ICJ, er SN sin domstol.
Domstolen vart skipa i 1945 og starta verksemda si i 1946. Den har sete i Haag i Nederland. Domstolen vart skipa som ein direkte etterfølgjar til Den faste domstolen for mellomfolkeleg rettspleie som var i verksemd frå 1921 til 1940.
Den internasjonale domstolen | |||
| |||
Palas Heddwch, Den Haag, pencadlys y Llys Cyfiawnder Rhyngwladol | |||
Skipa | 1945 | ||
---|---|---|---|
Forgjengar(ar) | Den faste domstolen for mellomfolkeleg rettspleie | ||
Morselskap | Dei sameinte nasjonane | ||
Land | Nederland | ||
Styreleiar | Joan Donoghue (8. februar 2021) | ||
Nettstad | https://www.icj-cij.org (fransk) |
Den internasjonale domstolen er det øvste juridiske organet i FN og har som oppdrag å bidra til at internasjonale lover blir følgde. Det er berre statar som kan vere partar i saker som blir teke til handsaming i domstolen. Dersom ein stat ikkje ynskjer å vere part, kan den ikkje tvingast til det. Men godtar ein stat å møte for domstolen, har staten i utgangspunktet plikt til å respektere domstolen si avgjerd.
Domstolen har 15 dommarar, som blir valde av FN si generalforsamling og SN sitt tryggingsråd for periodar på ni år, med tiltreding 5. februar. Dette er dei 15 noverande dommarane:
Namn | Stat | Posisjon | Vald | Periode avslutta |
---|---|---|---|---|
Hisashi Owada | Japan | President | 2003 | 2012 |
Peter Tomka | Slovakia | Visepresident | 2003 | 2012 |
Shi Jiuyong | Folkerepublikken Kina | Medlem | 1994, 2003 | 2012 |
Abdul G. Koroma | Sierra Leone | Medlem | 1994, 2003 | 2012 |
Awn Shawkat Al-Khasawneh | Jordan | Medlem | 2000, 2009 | 2018 |
Thomas Buergenthal | USA | Medlem | 2000, 2006 | 2015 |
Bruno Simma | Tyskland | Medlem | 2003 | 2012 |
Ronny Abraham | Frankrike | Medlem | 2005, 2009 | 2018 |
Sir Kenneth Keith | New Zealand | Medlem | 2006 | 2015 |
Bernardo Sepúlveda Amor | Mexico | Medlem | 2006 | 2015 |
Mohamed Bennouna | Marokko | Medlem | 2006 | 2015 |
Leonid Skotnikov | Russland | Medlem | 2006 | 2015 |
Antônio Augusto Cançado Trindade | Brasil | Medlem | 2009 | 2018 |
Abdulqawi Yusuf | Somalia | Medlem | 2009 | 2018 |
Christopher John Greenwood | Storbritannia | Medlem | 2009 | 2018 |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Den internasjonale domstolen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.