Den andre wienerskulen (tysk Zweite Wiener Schule, Neue Wiener Schule) viser til ein komponistkrins rundt Arnold Schönberg som verka i Wien tidleg på 1900-talet.
Retninga er også blitt kalla Schönberg-skulen. Skulen har hatt stor tyding for moderne vestleg kunstmusikk. Opphavleg laga komponistar i skulen musikk med seinromantisk utvida tonalitet men følgde Schönberg si utvikling til ein atonal ekspresjonisme utan tonalt senter og seinare utvikla til tolvtonesystemet. Teknikken blei vidareutvikla av elevane hans, særleg Alban Berg og Anton Webern.
Schönberg byrja undervisa i Wien i 1903, og heldt sporadisk fram til 1925. Både Berg og Webern byrja studera under han allereie i 1904, og danna den inste kjerna i skulen som etterkvart skulle få ei rekkje tilhengjarar. Sjølv om teknikkane representerte ei radikal fornying for publikum, rekna den andre wienerskulen seg som del av ein obroten wienerklassisistisk tradisjon som var blitt vidareført av komponistar som Johannes Brahms og Gustav Mahler. Fellespunkta med desse føregangarane var buk av motiv og tema i variasjonsformer. Slik sett skilde den andre wienerskulen seg frå den andre store strøyminga i samtidsmusikken, nyklassisismen, der ein tok klar avstand frå alle tradisjonar frå romantikken. Gruppa blei oppløyst på 1930-talet. Dei viktigaste grunnane til dette var at Adolf Hitler kom til makta i Tyskland i 1933, slik at Schönberg blei tvinga til å dra i eksil i USA, og at Alban Berg døydde i 1935. Idéane til gruppa fekk stor innverknad på nye komponistar etter andre verdskrigen.
I tillegg til Schönberg, Berg og Webern var elevar som kan knytast til retninga Ernst Krenek, Heinrich Jalowetz, Erwin Stein og Egon Wellesz i første runde og seinare Eduard Steuermann, Hanns Eisler, Roberto Gerhard, Norbert von Hannenheim, Rudolf Kolisch, Paul A. Pisk, Karl Rankl, Josef Rufer, Nikos Skalkottas, Viktor Ullmann og Winfried Zillig. Alle studentane følgde ikkje Schönberg i tolvtoneteknikken og den totale kromatismen. Svogeren til Schönberg, Alexander Zemlinsky, blir tidvis rekna til skulen, sjølv om han aldri var elev av Schönberg og heller ikkje forkasta tradisjonell tonalitet. Ein del seinare elevar av Schönberg i Berlin, som Zillig, Gerhard, Hannenheim og Skalkottas, og nokre elevar av hans elevar, som Hans Erich Apostel under Berg og René Leibowitz, Leopold Spinner og Ludwig Zenk under Webern, er tidvis også tekne med i retninga. Derimot reknar ein sjeldan med Schönberg sine elevar i USA frå 1933, som John Cage, Leon Kirchner og Gerald Strang.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Den andre wienerskulen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.