Datsja (av russisk дача) er eit russisk ord for ein feriebustad eller ein landstad i forstadene til sovjetiske og russiske byar.
I somme tilfelle vert det nytta av eigaren eller leigd ut til bybuarar om sommaren. Datsjaer er vanlege i Russland, men òg ein del nytta i andre tidlegare republikkar i Sovjetunionen.
Sidan det var restriksjonar på storleiken og forma på datsjaer i sovjettida vart enkelte trekk ved bygningane, som eit loft eller ein overbygd veranda, ofte overdimensjonert. I 1963–1985 var restriksjonane særleg store og ein kunne berre byggje ein-etasjars sommerhus utan permanent oppvarming og golvareal mindre enn 25 m² som datsjaer. Eldre datsjaer fekk likevel stå urørt. Sidan 1990 er slike restriksjonar fjerna. Det er estimert at om lag ein fjerdedel av alle familiar i storbyane har datsjaer.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Datsja, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.