Compiègne er ein by og kommune nord i Frankrike.
Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Oise i regionen Hauts-de-France, og har om lag 40 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Oise. Innbyggjarane i byen vert på fransk kalla Compiégnois.
Compiègne | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Departement | Frankrike Hauts-de-France Oise | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 53,1 km² | ||
Flatevidd - By | 53,10 km² | ||
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik | 41 254 777/km² | ||
Koordinatar | 49°25′N 02°49′E / 49.417°N 2.817°E | ||
Høgd over havet | 41 m | ||
Tidssone - Ved sommartid | CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 60200 | ||
Heimeside: www.mairie-compiegne.fr |
I 665 vart den heilage Wilfrid konsekret til biskop av York her av biskop Agilbert av Paris. I februar 888 vart Odo, greve av Paris og kongen av frankarane krona i Compiègne. 23. mai 1430, under hundreårskrigen, vart Jeanne d'Arc fanga av burgundarar medan ho prøvde frigje Compiègne. Dei selde ho så til engelskmennene. I 1630 prøvde Marie de' Medici å seia opp Kardinal Richelieu, noko som førte ho i eksil til Compiègne og vidare til Brussel i 1631.
I 1918 vart våpenkvileavtalen som førte til slutten på den første verdskrigen signert i Rethondes nær Compiègne. I 1940 vart ein annan våpenkvileavtale signert mellom Nazi-Tyskland og Frankrike i Rethondes, same stad som i 1918, i same jernbanevogn.
I 1968 vart startpunktet i sykkelløpet Paris-Roubaix flytta frå Paris til Compiègne.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Compiègne, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.