Cirencester

Cirencester er ein by i Gloucestershire i England, 150 km nordvest frå London.

Han ligg ved elva Churn, ei sideelv til Themsen, og er den største byen i Cotswolds. I Cirencester ligg det kjente Royal Agricultural College, den eldste høgskulen for landbruk i den engelskspråklege verda. I romersk tid heitte Cirenchester Corinium og var andre største byen etter Londinium, dagens London. eit museum med ei stor samling, Corinium Museum, dokumenterer denne tida.

Cirencester

Marknadsplassen
Marknadsplassen
Marknadsplassen
Plassering
Cirencester is located in
Cirencester
Styresmakter
Land Cirencester Storbritannia
Konstituerande land Cirencester England
Grevskap Gloucestershire
Distrikt Cotswold
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

19 000
Koordinatar 51°43′N 1°58′W / 51.717°N 1.967°W / 51.717; -1.967
Diverse annan informasjon
Postnummer GL7
Telefon-retningsnummer 0 1285
Cirencester Commons har multimedium som gjeld: Cirencester
Cirencester
Det romerske amfiteateret ved Corinium Dobunnorum

Historie

Den lokale keltiske stamma Dobunni var namngjevar for den romerske borgen Corinium Dobunnorum som vart etablert rundt 50 e.Kr. Når grensa for det romerske Britannia vart flytta nordover vart det til ein romersk civitas. Tre viktige romerske vegar møttest i Cirencester, mellom anna Fosse Way frå Lindum (Lincoln) til Aquae Sulis (Bath). Rundt slutten av 200-talet fekk Cirencester ein bymur som omslutta cirka éin km², noko som gjorde han til den nest største byen i den romerske provinsen på den tida. I 312 vart han hovudstad for provinsen Britannia Prima. Byen hadde eit forum, ein basilika og eit amfiteater, sistnemnde ligg i dag i utkanten av byen og har vore gjenstand for utgravingar på 1800-talet og 1960-talet.

Etter romersk tid har byen framleis hatt ein viss betydning. Eit slag mellom regionale kongar fann stad her i 628. I mellomalderen var striden mellom byborgarane og klosteret om den lokale makta viktig. Sidan 1100-talet ville borgarane at Cirencester vart ein borough med lokal administrasjonsrett og plass i parlamentet, mens abbeden hadde Lord of the Manor-tittelen frå kongen. Etter 1538 gjekk rettane over til ein lokal adelsmann utan at kravet til borgarane vart innfridd.

Ull, veving og handel med ullstoff har, truleg sidan romersk tid, vore kjelda til velstanden i byen.

Bakgrunnsstoff

Tags:

EnglandGloucestershireLondonRomersk BritanniaThemsen

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Maiken Caspersen FallaEikefjordKråkebolleKvam heradZinédine ZidaneAbugidaVossamålWattensApeWikimediaKirunaVegard UlvangDS «Iris» (1901)Eyvind JohnsonRoger KjendalenEllen DeGeneresDen austerrikske arvefølgjekrigenTallerkenIngrid Alexandra av NoregKenth EldebrinkEuropaKrag-Jørgensen-rifleStatsreligionVictoria av StorbritanniaERådyrEli Skolmen RygKvalsafariVestlandetKleopatraDødsstraffReligionskrigNorsk folkedansSaltSpedbarnAspropótamos i TríkalaAust-ArjithéaKristiansund BallklubbLarvik kommuneRSSBoge i arkitekturenBrunKnut Marius DjupvikAkslaKallesignalChampions LeagueLuciano PavarottiMarianegropaIvar AasenCelina MidelfartEtanolJantelovenRudolf BlodstrupmoenSkandinaviaBokormHavørnJohn ScofieldSjøløverNazismeKjeleelvtindenWikipediaSymbol i hinduismenKlima i CanadaDesta Marie BeederKvitveisOzzy OsbourneJohann Sebastian BachSong-dynastietEventyrStomiArabisk🡆 More