Eit amfiteater (av gresk amfi og theatron, 'teater på begge sider') er i utgangspuktet eit teater med sitteplassar (tribunar) på begge sider av, eller heilt rundt, ei sentral scene.
Scena var alltid plassert på det lågaste punktet. Amfiteatra oppstod i det antikke Hellas. Slike teater har god akustikk.
I Romarriket vart amfiteater bygd for sportslege aktivitetar og underhaldning, som gladiatorkampar mot ville dyr og menneske, kampar mellom ville rovdyr. Teatra var helst opne (utan tak) friluftsbygg, gjerne kringsatt av dekorerte veggar av stein. Det mest kjente amfiteatret er Colosseum i Roma, som romma kring 50 000 tilskodarar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Amfiteater, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.