Christian Meyer (fødd 22.
oktober">22. oktober 1977) er ein norsk, tidlegare skihoppar og seinare trenar. Han er fødd i Orkdal, tevla for Selbu Idrettslag og treningsgruppa Trønderhopp. Meyer vann NM-sølv i normal bakke i 1999, Morten Ågheim vart noregsmeister.
Christian Meyer | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. oktober 1977 (46 år) Orkdal kommune |
Yrke | skihoppar, skihopptrener |
Meyer debuterte i verdscupen sesongen 1996/97 med ein 28. og ein 30. plass i de to renna han fekk delta i den sesongen. I sesongen 1998/99 deltok han i 22 verdscuprenn. Hans beste individuelle plassering var ein 6. plass i Zakopane 16. januar 1999, og han enda den sesongen på 31. plass i verdscupen med 168 poeng. Åra 2002-04 deltok Meyer i kontinentalcupen i skihopping, men utan å oppnå topplasseringar.
Han la opp i 2004.
Meyer har vore trenar i Trønderhopp. Han overtok i 2011 som hovudtrenar for det norske kvinnelandslaget.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Christian Meyer, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.