Chaconne (fransk, spansk chacona, frå baskisk chocuna, 'lystig') er ein spansk folkedans frå 1500-talet, nært i slekt med passacaglia.
Det italienske omgrepet ciaccona vert ofte brukt, og andre skrivemåtar som ciacona, chiaccona, ciaconia og liknande finst òg.
Chaconnen var opphavleg ein hurtig dans som oppstod i spansk folkekultur på slutten av 1500-talet. Dansen vart utført med erotiske rørsler og sunge med spottande tekstar. I følgje Curt Sachs er chaconnen av latinamerikansk opphav og og med ein sanseleg, vill og tøyleslaus karakter.
I kunstmusikken er chaconnen ei ostinat musikkform med variasjonar over eit gjentatt harmoniskjema på fire til åtte takter.
Chaconnen var stort sett berre i vanleg bruk i barokken, men vart delvis teken fram igjen på 1800-talet. ein av dei største romantiske symfoniske chaconnane er sluttsatsen i symfoni nr 4 i e-moll op. 98 av Brahms. Det vakre temaet er med små forandringar henta frå Bach-kantaten Nach dir, Herr, verlanget mich BWV 150. Temaet vert presentert av blåsarane og utvikla i over 30 variasjonar med temaet tilstades i bassinstrumenta nesten heile tida.
På 1800-talet og tidleg 1900-tal skilte ein del teoretikarar mellom passacaglia og chaconne ved å bruke chaconne om eit sett av variasjonar over eit harmoniskjema, men passacaglia vart definert som eit sett av variasjonar over ein bassmelodi. Skiljet er tilfeldig fordi andre samtidige teoretikarar snur skiljet på hovudet, og dessuten har ikkje skiljet vore klart i musikkhistoria. Nokre gonger vert dei kombinerte i ein enkelt komposisjon , som i Cento partite sopra passacaglia av Girolamo Frescobaldi, og den første suiten i Les Nations (1726) og i Pièces de Violes (1728) av François Couperin.
Ein av dei dei mest kjente chaconnane er sluttsatsen i Johann Sebastian Bachs Partita No. 2 i d-moll, BWV 1004 frå Sonatar og partitaer for fiolin. Denne 265-taktars chaconnen tar utgangspunkt i ein melankolsk firetaktars melodi og vert utvikla gjennom ein fargerik musikalsk reise i både dur- og molltoneartar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Chaconne, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.